Hilmerengjene

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hilmerengjene eller Jørnrengjene er namnet på ei gruppe slåttar med opphav i Valdres. Slåttane er kalla "rengjer" av di dei er rekna som særs vrange å spela. Det skal vera spelemannen Jørn Hilme som i si tid utvikla desse særprega slåttane, som er attkjennelege på ei lang rad med ristetak, gjerne i form av sekvens-spel tvers over heile fela. Dei eldre slåttetypene nytta helst ristetaka som markør for avfrasering, og ristetaka kom sjeldan meir enn to eller tre i venda. I rengjene er talet på ristetak gjerne oppe i sju.

Remove ads

Einskilde hilmerengjer

Kristofferrengja

Kristofferrengja har nr 403 i hardingfeleverket. Slåtten er komen til Voss med Ola Mosafinn.

Hilmerengja

Hilmerengja har nr 443 i hardingfeleverket. Slåtten er spela på nedstilt bass (G-D-A-E). Han har vandra til Krødsherad og Voss.

  • a: Etter Olav Moe, Nord-Aurdal [daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1959 (G 1138, NRK magn. 990). Slåtten er laga av Jørn Hilme.
  • b: Etter Ola Mosafinn, Voss [daud lenkje]. Bjørndal nye slåttar 35, skriven ned 1908. Mosafinn møtte Nils Hilme, son av Jørn, på Lærdalsmarknaden i 1850, og fekk ein rad med slåttar av han, mellom anna denne. Mosafinn brøytte om slåtten på sitt vis, og denne forma er nytta på Voss i dag. Forma er opphavleg lik Olav Moe si form, men Mosafinn har og skøytt på med nokre tak frå ein rørospols.
  • c: Skjegle-Jørn, etter Johan Kleven, Krødsherad [daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen (Ø 142). Johan Kleven har venteleg fått slåtten frå Valdres. Skjegle-Jørn er eit oppnamn på Jørn Hilme.

Spelemannsprøva

Spelemannsprøva har nr 444 i hardingfeleverket. Slåtten er spela på oppstilt bass. Slåtten er og kalla Valdresprøva.

Trumpen hass Trond

Hardingfeleverket nr 448. Denne slåtten er mykje nytta både i Valdres og Hallingdal. Trond var ein av sønene til Jørn Hilme.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads