Himarë
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Himarë eller Himara (gresk Χειμάρρα, Khimárra) er ein by og ein kommune i regionen Vlorë i Albania. Han ligg ved Den albanske rivieraen sør i Albania og grensar i aust til regionen Gjirokastër.
Den tospråklige tradisjonelle regionen Himarë omfattar byen og sju landsbyar og er hovudsakleg folkesett av etniske grekarar. Regionen er om lag 20 km lang og 5 km brei og grensar til dei 2000 meter høge Llogara-fjella i nordaust og Det joniske havet i sørvest. Det er lange kvite sandstrender og nokre få åsar nær sjøen med oliven- og sitrustre.
Remove ads
Administrativ inndeling
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Himarë vart slått saman med landkommunane Lukovë og Horë-Vranisht.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Himarë.
Fram til år 2000 var den tidlegare bykommunen saman med landkommunen Horë-Vranisht ein del av distriktet Vlorë, medan Lukovë var ein del av distriktet Saranda.[3] Den dåverande bykommunen omfatta byen Himarë og busetnadene:[2]
- Pilur
- Kudhës
- Qeparo fshat
- Qeparo Fushë
- Vuno
- Iliaz
- Dhërmi
- Gjilekë
- Palasë
Remove ads
Folketal
Kjelder
- Denne artikkelen byggjer dels på «Himarë» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2011.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads