Hino Nacional Brasileiro
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hino Nacional Brasileiro er Brasil sin nasjonalsong. Melodien vart komponert av Francisco Manuel da Silva i 1822 og hadde minst to forskjellige uoffisielle tekstar før president Epitácio Pessoa fekk vedteke den noverande, offisielle teksten i 1922. Det første utkastet av denne teksten vart skrive av Osório Duque-Estrada i 1909, men gjennomgjekk fleire endringar før han fekk den noverande forma.

Remove ads
Historie
Melodien til den brasilianske nasjonalsongen vart komponert av Francisco Manuel da Silva i 1822. Stilmessig minner melodien om den italienske tidlegromantiske musikken. Brasil erklærte seg uavhengig frå Portugal 7. september dette året, og songen vart populær etter at ein tekst som feira abdiseringa av Pedro I av Brasil vart lagt til i 1831. Teksten vart endra til å passe til kroninga av Pedro II, og sidan songen var svært populær byrja brasilianarane å sjå på han som ein nasjonalsong. Det var på denne tida ikkje statuert nokon offisiell nasjonalsong, men utover i regjeringstida til Pedro II fekk songen uoffisiell status som dette.
Etter at Brasil vart republikk i 1889 vart det utlyst ein konkurranse for å velje ein ny nasjonalsong, og Leopoldo Miguez vann denne. Protestar gjorde at dåverande president Deodoro da Fonseca formaliserte da Silva sin melodi som nasjonalsong, medan konkurransevinnaren fekk status som «republikksong». Under frigjeringsjubileet i 1922 vart ein tilpassa versjon av Osório Duque Estrada sin tekst, foreslått i 1909, vedteken som offisiell tekst. Før dette hadde songen hatt forskjellige tekstar i kvar av dei brasilianske delstatane.
Remove ads
Tekst
Songen er bygd opp av to påfølgjande refreng. Den brasilianske lova krev at begge må syngast i vokale framføringar, men at ein kan droppe eitt dersom framføringa er reint instrumental. Av denne grunnen er det andre refrenget ofte utelate på til dømes sportsarrangement.
(*) Linjene i hermeteikn er teke frå diktet Canção do Exílio av Antônio Gonçalves Dias.
Remove ads
Sjå òg
- Hino à Bandeira, den brasilianske flaggsongen
- Hino da Independência, den brasilianske frigjeringssongen
- Hino da Proclamação da República, den brasilianske republikksongen
Bakgrunnsstoff

Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads