Hirtshals

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hirtshals
Remove ads

Hirtshals er ein by i Vendsyssel i Danmark. I 2018 hadde byen 5 857 innbyggjarar. Han var senter i Hirtshals kommune fram til den danske kommunalreforma i 2007, då Hirtshals kommune blei del av Hjørring kommune.

Kjappe fakta Land, Region ...
Remove ads

Hamna

Byen er kjend for fiske- og ferjehamna si. Han har ferjesamband med Kristiansand, Larvik, Langesund, Stavanger og Bergen i Noreg. I tillegg går det ferje frå Hirtshals til TórshavnFærøyane og SeyðisfjörðurIsland. Hirtshals hamn blei utbygd i 1919–1931 og sterkt utvida i 1966. Ho er den nest største fiskehamna i Danmark etter omsett mengd, berre overgått av Esbjerg på sørvestkysten av Jylland.

Det går motorveg frå byen direkte til Aalborg og vidare til Tyskland.

Remove ads

Museum

Nordsøakvariet i Hirtshals er eit av dei fremste saltvassakvaria i Norden, og tek særleg for seg livet i Nordsjøen. Akvariet er tilknytt Nordsømuseet. Sommarturismen knytt til museet og ferjetrafikken er betydeleg.

Nær Hirtshals fyr ligg Bunkermuseet Hirtshals. 10. batteri er det einaste utgrovne, komplette tyske forsvarsanlegget frå andre verdskrigen i Danmark som er ope for publikum.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Hirtshals


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads