Hjellegjerde

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Hjellegjerde er eit norsk møbelkonsern. Morselskapet er Hjellegjerde ASA, og selskapet har salsselskap i Noreg, Tyskland, Storbritannia, Frankrike og USA. I Noreg har selskapet ein fabrikk i Sykkylven; Hjellegjerde Møbler AS. Hjellegjerde har òg produksjon i Litauen (Hjellegjerde Baltjia) og Thailand (Hjellegjerde Asia Co Ltd).

Kjappe fakta Org.form, Org.nr. ...
Remove ads

Historie

Hjellegjerde møbler vart etablert i 1941 av brørne Otto og Mindor Hjellegjerde i bygda Sykkylven i Møre og Romsdal. Bedrifta starta med møbelproduksjon i kjellaren heime hjå Otto og Henny Hjellegjerde. I 1946 vart også den tredje broren, Ingvald Hjellegjerde med i firmaet.

Bedrifta har vore utsett for to brannar, den største av desse i 1981, der halvparten av fabrikken, ca. 4500 m2 gjekk tapt. Eit heilt livsverk gjekk opp i røyk, men andre generasjon saman med dei tilsette klarte å rydde opp att etter brannen og få produksjonen i gang igjen. Allereie månaden etter var produksjonen i gang igjen. I 1981 opna fabrikken ein ny og moderne fabrikkbygning.

Remove ads

Dagens situasjon

Sidan starten i 1941 og fram til i dag har Hjellegjerde gått frå å vere ei lita familiebedrift til å vere eit større børsnotert konsern med marknadspreiing over fleire kontinent; Europa, USA, Asia og Australia. Varemerket «Hjellegjerde» vert ofte målt til å vere det nest mest kjende i Noreg, og selskapet har ein sterk posisjon i heimemarknaden.[treng kjelde]

Selskapet har i løpet av 2000-talet flagga ut ein del av produksjonen. Dette har kome på bakgrunn av høge produksjonskostnadar i Noreg samanlikna med andre land. Det er i dag produksjon av salongar og kvilestolar ved fabrikkane i Litauen og Thailand.

Remove ads

Varemerke

  • Hjellegjerde® er felles varemerke for alle møblar produsert av konsernet.
  • Fjords® blei lansert i januar 2006. Namnet skulle fungere som eit samlande marknadsnamn for selskapet sitt internasjonale program.
  • Dsigned® dekker det skandinaviske modulsofakonseptet, dette er vidare inndelt i LivingTM, InlineTM og MantovaniTM
  • Scansit® er selskapet sin kvilestolkolleksjon. Det meste av produksjonen foregår i Thailand.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads