Sykkylven

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sykkylven
Remove ads

Sykkylven er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg ytst på austsida av Sykkylvsfjorden og har 4 452 innbyggjarar per 1. januar 2024.[1] Den sentrale delen av tettstaden er kalla Aure og ligg ved Aureelva, som renn ut i fjorden frå Andestadvatnet i aust. Gardsnamnet Aure kjem av «aurr» i tydinga 'grus'. Like ved Aureelva ligg tre lokale skular: barneskule, ungdomsskule og Sykkylven vidaregåande skule.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Sykkylven er eit senter for handel og tenesteverksemd. Staden har også industri, der særleg møbelindustrien har stått sterkt. Mellom anna har møbelprodusenten Brunstad hovudkontor og Hjellegjerde ein fabrikk i Sykkylven.

I Sykkylven sentrum (Aure) er funne buplassar med fleire større hus frå jern- og bronsealderen. Arkeologiske utgravingar på Auremarka viser busetnadsspor som går tilbake til 800 år før vår tidsrekning.[2] I tettstaden ligg også Sykkylven Naturhistoriske Museum med oppbygd naturlandskap for fuglar og dyr. Sykkylven kyrkje er ei arbeidskyrkje i betong som vart oppført i 1990. Norsk Møbelfaglig senter, som utgjer ein del av Stiftelsen Sunnmøre museum, ligg i Aure. Avisa Sykkylvsbladet kjem ut i Sykkylven to dagar i veka.[1]

Sykkylven har vegsamband med Ålesund via ferje over Storfjorden, som del av fylkesveg 60 og E39. Fylkesveg 60 held fram sørover via Stranda til E39 i Hornindal i Nordfjord.[3]

Remove ads

Bilete frå Sykkylven

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads