Hn/Hamp

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hn/Hamp
Remove ads

Hamp eller harp (Cannabis sativa) er ein eittårig vokster med gulgrøne blomar og motsette handklovne blad. Voksteren hev vore nytta til tog, ty og anna gjenom soga, men er no like kjend som rusingsråd.

Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Hamp».
Hamp, harp


Thumb

Skipnad
Rike: Plantae
Klassa: Magnoliopsida
Orden: Apiales
Ætt:Cannabáceæ
Ættgrein:Cannabis
Kynd: C. sativa
Thumb
Dei handklovne bladi frå hampevoksteren.

Hamp ættar frå Asia. Han er mykje dyrka i Sudaust-Europa, Italia og Japan. Tidlegare vart voksteren dyrka i Sverike, og det vart òg freista i Noreg. Voksteren er funnen på avfallsplassar og liknande yver heile Noreg, men er ikkje rekna som reproduserande.[1]

Hamp er serbu. Hannvoksteren hev finare bast enn hovoksteren, og gjev difor betre hampetrevlar.

Remove ads

Namn

Ordet hamp er upphavleg eit lån frå gresk κάννᾰβῐς (kánnabis), men tidleg nog til at logi hans Grimm verka på det og gjorde k og b til h og p. Utfallet vart *hanapiz og gav norrøne *hanpr etter synkopetidi. Seinare vart det hampr som er upphavet til den nynorske formi.

Harp er truleg av same upphav, men umlaga etter horr ‘linstrå’.

Rusingsråd

Hamp er ei av dei vanlegaste rusingsrådene i verdi, og er millom anna nytta som lækjeråd for ymse sjelelege lidingar. Berre koffein, alkohol og nikotin er meir nytta.

Rusingsrådi finst i fleire former. Ei av dei vanlegaste er kvåda. Hampekvåda er ei seig væta voksteren skil ut i hø‎gfjellsstrok på kring 1000 meter. På engelsk er denne væta kalla hashish, frå arabisk ḥašīš ‘turka urt’. Ei onnor form er bladi, blomane og skoti, ofte frå hoa. Desse vert turka og eignar seg difor best i sigarettar, medan kvåda krev jamn verming.

Remove ads

Kjeldor

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads