Hofuf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Al-Hofuf (òg Hofuf , Hofof' eller Hufuf, òg kalla Al-Hasa og Al-Ahsa,[1] arabisk الهفوف, al-Hufūf) er eit stort bysenter i Al-Ahsa-oasen i Austprovinsen i Saudi-Arabia. Området er kjent som ein av dei største daddel-produsentane i verda, og for dei gamle marknadane og slotta som ligg her.
Remove ads
Oversyn
Byen ligg i innlandet, sørvest for Abqaiq og Dhahran–Dammam–Al-Khobar storbyområde langs vegen sørover til Haradh. Han er den mest nærliggande byen til det kjende Ghawar-feltet, eit av dei største landbaserte oljefelta i verda.
Hofuf er eit av dei store kultursentera i Saudi-Arabia, og mange kjende familiar bur her. Fakulteta for jordbruk, veterinærmedisin og dyreressursar under Kong Faisal universitet ligg i byen (resten ligg i Dammam).
I følgje segna er staden gravplassen til Laila og Majnoon frå ei av dei mest populære kjærleikssogene i den arabiske og muslimske verda. Dronninga av Saba skal òg ha vitja byen frå kongedømet sitt i Jemen.
Remove ads
Økonomi
Historisk sett var Hofuf kjend for tekstilar av ull, silke og bomull. I 1920 var byen kjend for kaffikanner av sølv og messing.[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads