Hole in My Soul
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Hole in My Soul» er ein powerballade av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith. Han vart skriven av Steven Tyler, Joe Perry, og den profesjonelle låtskrivaren og mangeårige samarbeidspartnaren til Aerosmith, Desmond Child. Han kom ut som den andre singelen frå Nine Lives i 1997.
Remove ads
Salslister
Songen nådde 51. plassen på Billboard Hot 100, fjerdeplassen på Mainstream Rock Tracks-lista, 29. plassen i Storbritannia og fjerdeplassen i Latvia.
Innhald
Hole in My Soul - gul - 450124
Hole in My Soul - raud - 450155
Remove ads
På konsert
På konsert har Steven Tyler vore kjend for å byta ut nokre linjer med meir dryge tekstar. På ein liveversjon av songen frå albumet A Little South of Sanity syng Tyler «I fuck with my boots on cause you fuck with my head» i staden for teksten til studioversjonen «I sleep with my boots on, but you're still in my head».
Bandet spelte songen mykje på den lange Nine lives-turneen frå 1997-1999, men har nesten aldri spelt den sida.
Musikkvideo
Musikkvideoen var regissert av Andy Morahan[1] og handla om ein nerdete high school-elev (spelt av Branden Williams), ofte mobba, som ikkje lykkast i å finna den rette jenta. Han bruker sitt vitskaplege geni til å byggja ein kloningsmaskin og skaper ei vakker jente (spelt av Eva Mendes), men ho møter ein annan på ein fest. Han skaper ei jente til som han òg mister til ein fotballspelar (spelt av Seann William Scott). Ein klassekamerat (spelt av Alexandra Holden) oppdagar maskina hans og stoppar han frå å skapa ei anna jente for seg sjølv, og han innser at jenta for han hadde vore der heile tida.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads