Nine Lives av Aerosmith

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Nine Lives er det tolvte studioalbumet til det amerikanske hardrockbandet Aerosmith, gitt ut 18. mars 1997. Albumet vart produsert av Aerosmith og Kevin Shirley, og var det første studioalbumet dei gav ut på Columbia Records sidan Rock in a Hard Place i 1982. I USA nådde han førsteplassen på Billboard 200 og selde over to millionar eksemplar. Ein av singlane til albumet, «Pink», vann ein Grammypris for beste rockesong av ein duo eller gruppe med vokal. Inntil Music from Another Dimension! var Nine Lives deira lengste album, på 63 minutt.

Meir informasjon Aerosmith-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Produksjon

Tidlige innspelingar fann stad i Criteria Studios i Miami i Florida, der bandet jobba med produsent Glen Ballard. Der skreiv Steven Tyler og Ballard saman tekstane til «Falling in Love (Is Hard on the Knees)», «Tasta of India» og «Pink».[2] Andre samarbeidspartnarar, inkludert Desmond Child og Taylor Rhodes, vart med Tyler og gitaristen Joe Perry for å skriva songar. Child har tidlegare samarbeidd med Aerosmith på hittar som «Angel», «Crazy» og «Dude (Looks Like a Lady)».

Berre ei veke før prøvene leid trommeslagaren Joey Kramer av depresjon, etter å ha sørgt over tapet av faren nokre år tidlegare.[3] Med Kramer utilgjengeleg byrja det å gå rykte om at bandet ville bli oppløyst. Steve Ferrone vart henta inn for å spela trommer inntil Kramer kunne komma tilbake.[2] «Eg kom tilbake med eit fint perspektiv på kva eg bringar til bordet i Aerosmith,» reflekterte Kramer. «Det var sunt for meg. Me enda opp med å spela inn på nytt fordi folk lytta til spora og sa nokre negative ting om det og sa at bandet ikkje høyrdest ut på same måte.»[4]

Albumet skulle opphavleg sleppast sommaren 1996, men vart forseinka fordi Columbia Records var misnøgd med dei ni sporane som Aerosmith og Ballard hadde produsert.[5] Ytterlegare problem oppstod i juli same år, då bandet bad manageren sin Tim Collins om å trekkja seg etter nesten tolv års samarbeid.[6] I sjølvbiografien Rocks: My Life In and Out of Aerosmith, fortalde Perry at Aerosmith kjende seg forrådd av Collins, ettersom han ville setja medlemmene opp mot kvarandre.[1] Med den mangeårige manageren sin borte bestemde banda seg for å tilsetja ein eigen produsent, Kevin Shirley, og etablerte seg i Avatar Studios i New York City. Shirley, som òg hadde jobba med Journey, hjelpte til med overtonane og instrumenta til albumet, spesielt gitarlyden. I ein MTV-spesial frå 1997 som promoterte innspelinga av Nine Lives, uttalte Tyler: «Han fekk det putta ein stad inn mellom Toys in the Attic og Rocks[7]

Dei nye øktene byrja i september 1996 og heldt fram til november. Etter skiftet i produksjonen kom Kramer seg frå depresjonen, og vende tilbake til studioet.[2] I staden for å spela sine spor over Ferrone sine, spelte bandet inn på nytt frå botnen av på alle dei ferdige spora med Kramer.[3]. John Kalodner, A&R-mann i Columbia, vart henta tilbake for å overvaka prosjektet, etter at han hadde vorte pressa av produksjonen i Florida av Collins. Han hjelpte til med å trimma dei tjuefire songane som hadde vorte skrivne til tretten.[2] Opphavleg kalla bandet albumet «Vindaloo»,[5] etter å ha lagt til element av indisk musikk gjennom nokre av songane, inkludert ein sarangi-intro av Ramesh Mishra på songen «Taste of India». Men etter å ha fullført spora «Nine Lives», kjende bandet at det ville vera den perfekte tittelen, og fungerte som ein metafor for den urolege unnfanginga til albumet.

Remove ads

Plateomslag

Heftet til Nine Lives inneheld 12 albumbilete (inkludert coveret). Kvart bilete inneheld ein mindre versjon av det førre biletet i seg sjølv. Det siste biletet er inkludert i det første, noko som skaper ein uendeleg loop. Det vart designa av Stefan Sagmeister.

Det opphavlege omslagsbiletet, inspirert av eit måleri i ei bok av A.C. Bhaktivedanta Swami Prabhupada, viser guden Krishna (med eit kattehovud og kvinnelege bryst) som dansar på hovudet til slangedemonen Kāliyā. Hindusamfunnet protesterte og meinte at kunstverket var støytande. Bandet hadde ikkje vore klar over kjelda til kunstverket, og plateselskapet bad om unnskyldning, noko som førte til at dei neste trykka fjerna kunsten frå omslaget og hefta.[8][9] Det nye coveret viser ein katt bunden til eit knivkastar-hjul på eit sirkus.[10]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I si AllMusic-melding samanlikna Stephen Thomas Erlewine Nine Lives med tidlegare Aerosmith-album og sa: «Nine Lives, derimot, er overarbeidd, med Aerosmith som gjer ein medviten innsats for å høyrast hippe og levande ut, noko som ironisk nok berre får dei til å høyrast slitne ut». Han kritiserte òg den urolege produksjonen på albumet og sa: «Ikkje berre er framsyningane overflatiske, men songane er ikkje fengjande - same kor hardt det prøver, 'Falling in Love (Is Hard on the Knees)' har ingen knaggar, og det er ikkje eit unntak».[11] Elysa Gardner frå Rolling Stone var meir positiv i meldinga si frå 1997 og konkluderte: «For dei som rett og slett ikkje kan utstå ei samling Aerosmith-låtar utan sin del av powerballader, skuffar ikkje Nine Lives».[14]

Utgivingar

Nokre utgivingar av Nine Lives har ulike sporlister, spesielt dei to japanske utgåvene som begge inneheld songen «Fall Together». Songen vart inkludert som ei B-side på den første singelen til albumet «Falling in Love (Is Hard on the Knees)». Låten «What Kind of Love Are You On» hadde opphavleg tittelen «What Kind of Lover You Want», og var ein av mange unytta opptak som vart igjen frå innspelinga i Florida. Songen vart omdøypt til «What Kind of Love Are You On» og er med i filmen Armageddon, og dessutan det tilhøyrande filmmusikkalbumet.[15] Låten vart seinare med på den europeiske nyutgivinga av den tredje singelen til albumet «Pink». Uferdige spor som vart forkasta under innspelinga i Florida inkluderer «Bacon Biscuit Blues», «Bridges Are Burning», «Heart of Passion», «Loretta» og «Trouble». Tyler nemnde òg ein song kalla «Where the Sun Never Shines» under eit MTV-intervju kort tid etter utgivinga av albumet.[16]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Aerosmith

Andre medverkande

Produksjon

  • Produsentar  Kevin Shirley and Aerosmith
  • Lydteknikarar  Mark Hudson, Joe Perry, Rory Romano, Elliot Scheiner, Kevin Shirley, Steven Tyler
  • Andre lydteknikar  Rory Romano
  • Miksing  Elliot Scheiner, Kevin Shirley
  • Mastering  Leon Zervos
  • Programmering  Sander Selover
  • Blåsararrangement  David Campbell, Steven Tyler
  • Strykararrangement  David Campbell
  • Gitarteknikar  Jim Survis
  • Ekstra gitarteknikarar  Lisa Sharken, Archie Avila
  • Trommeteknikar  Andy Gilman
  • Lydteknikar  David Frangioni
  • Kunstnarisk leiar  Christopher Austopchuk, Gail Marowitz
  • Fotografisk leiar  Christopher Austopchuk, Gail Marowitz
  • Fotografi  F. Scott Schafer
  • Kalligrafi  Jeanne Greco
  • Stylist  Fiona Williams-Chappel

Henta frå plateomslaget.[17]

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1997–98), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Prisar

Grammyprisar

Meir informasjon År, Vinnar ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads