Home Before Dark
studioalbum av Neil Diamond From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Home Before Dark er det 27. studioalbumet til Neil Diamond, gjeve ut i 2008. Det var det første albumet hans som nådde toppen av Billboard 200 i USA. Det nådde òg toppen av Den britiske albumlista, men i Noreg berre ein 19. plass.
I mai 2008 vart Neil Diamond med ein alder på 67 år den eldste artisten som klarte å nå førsteplassen i USA. Den tidlegare rekorden vart halden av Bob Dylan i 2006 då han med Modern Times var 65 år gammal. Bob Dylan tok attende rekorden med Together Through Life, då Dylan var 67 år og 11 månader, medan Diamond var 67 år og 3 månader då Home Before Dark kom ut.
Albumet var det andre på rad som vart produsert av Rick Rubin, ein hip-hop- og heavy metal-produsent, som hadde fornya karrierane til artistar som Aerosmith og Johnny Cash. Etter Cash døydde vart Diamond den neste artisten han arbeidde med, og 12 Songs kom ut i 2005. Albumet består hovudsakleg av originale songar og somme nyinnspelingar. Det vart miksa av Dana Nielsen.[6][7]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Neil Diamond
Remove ads
Medverkande
- Neil Diamond - gitar, vokal.
- David Campbell - blåse- og strykearrangement.
- Mike Campbell - gitar
- Smokey Hormel - gitar
- Jonny Polonsky - kontrabass, gitar
- David R. Stone - bass
- Matt Sweeney - gitar
- Benmont Tench - orgel, piano
- Linda Press - korvokal
- Julia Waters - korvokal
- Maxine Willard Waters - korvokal
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads