Make You Feel My Love

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Make You Feel My Love» er ein song skriven av Bob Dylan frå albumet Time Out of Mind (1997). Han vart først gjeven ut av Billy Joel under tittelen «To Make You Feel My Love», før versjonen til Dylan kom ut seinare på året. Han har sidan blitt framført av mange artistar, som Adele, Garth Brooks, Shane Filan, Bryan Ferry, Kelly Clarkson og Ane Brun. To versjonar av songen (ein av Garth Brooks og ein av Trisha Yearwood) vart nytta i filmen Hope Floats i 1998.[1] Dylan gav etter kvart ut songen på singel.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

Billy Joel-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Billy Joel spelte inn songen som «To Make You Feel My Love» for samlealbumet Greatest Hits Volume III (1997). Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde 50. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[2] Joel si utgåve kom ut før Dylan gav ut sin versjon ein månad seinare.

Salslister

Meir informasjon Liste (1997), Plassering ...
Remove ads

Garth Brooks-versjonen

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Garth Brooks-kronologi ...

Garth Brooks spelte inn songen som «To Make You Feel My Love» i 1998. Han kom ut på filmmusikkalbumet til filmen Hope Floats i 1998 i lag med ein coverversjon av Trisha Yearwood som første og siste spor å albumet. Han vart først gjeve ut som bonusspor på Fresh Horses for den første Limited Series-boksen og så på alle seinare utgåver av albumet. Brooks-versjonen vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege countrysong, medan Bob Dylan vart nominert til beste countrysong.

Salslister

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1998), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Liste (1998), Plassering ...

Adele-versjonen

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Adele-kronologi ...

I 2008 spelte den britiske songaren Adele inn «Make You Feel My Love» for debutalbumet hennar 19 (2008). Han vart gjeven ut som den fjerde og siste singelen frå albumet den 27. oktober 2008 og nådde 26. plassen på singellista.[12]

Bakgrunn

«Make You Feel My Love» er den einaste coverlåten på debutalbumet til Adele. Adele fortalte at «manageren min er veldig stor Dylan-fan og i lang tid prøvde han å få meg til å lytte til songen, fordi eg ikkje hadde høyrt han før. Eg var ganske trassig i mot det. Eg sa 'eg vil ikkje ha ein cover på albumet mitt. Det indikerer at eg ikkje kan skrive nok songar på eiga hand for den første plata mi.' Og så høyrde eg han i New York då han spelte songen for meg, og han berre verkeleg trefte meg. Eg syns det er ein fantastisk song, og oppsummerer eigentleg alt eg prøver å skrive i songane mine.»[13]

Pianoet vert spelt av Neil Cowley og Adele sjølv spelar bass.[14]

Mottaking

I følgje Alex Fletcher på Digital Spy uttrykker versjonen til Adele kjærlei til songen, «med berre piano som akkompagnement får den drøymande og lidenskapelege vokalen hennar verkeleg skine».[15] I følgje The Guardian-skribenten Dave Simpson gjorde «Adele med si rolege levering songen til hennar eigen».[16]

I januar 2013 rangerte Heart Radio Adele sin versjon av songen som den beste britiske songen gjennom tidene på ei topp 500-liste.[17]

Salslister

Songen nådde opphavleg berre 29. plassen på den britiske singellista. I september 2010 vart songen framført på The X Factor av Annastasia Baker,[18] og songen gjekk så inn att på UK Singles Chart på ein 24. plass. Så klatra songen heilt til fjerdeplassen etter at songen vart framført av Gamu Nhengu i same show. Etter nok ei framføring på X Factor og då songen vart mykje nytta i Comic Relief i 2010, låg songen ytterlegare tre veker til på topp 10.

Tidleg i 2011 gjekk songen inn på topp 40 igjen, på ein 34. plass, etter at han vart nytta i Britain's Got Talent.

«Make You Feel My Love» passerte éin million selde eksemplar i Storbritannia i 2017.[19]

I andre medium

  • S.W.A.T.
  • Waterloo Road
  • One Tree Hill
  • Ghost Whisperer
  • Parenthood
  • The Bold and the Beautiful
  • General Hospital
  • Bones
  • Hollyoaks
  • EastEnders
  • Glee
  • Nashville
  • Emmerdale
  • Brothers & Sisters


Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (2008–2015), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

«Make You Feel My Love» er òg blitt spelt av:

Norske versjonar

Meir informasjon Norsk tittel, Tekstforfattar ...


Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads