Homo Erraticus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Homo Erraticus er det sjette studioalbumet til den britiske musikaren Ian Anderson, som òg er frontmann i Jethro Tull. Albumet kom ut 14. april 2014 og er eit konseptalbum laust knytt til Jethro Tull-albumet Thick as a Brick (1972) og Anderson sitt Thick as a Brick 2 (2012), sidan teksten igjen er oppført som skriven av den oppdikta karakteren Gerald Bostock.
Albumet kom ut i fire format: som dobbel vinylplate, ein enkel CD, ein CD og DVD og ein eksklusiv plateboks frå Amazon.com med albumet på CD og tre bonusplater.
Anderson og bandet hans la ut på turné for albumet, der dei spelte heile albumet i første halvdel av showet og eit utval av Jethro Tull i andre halvdel.
Remove ads
Musikalsk stil
Homo Erraticus er eit progressivt rockealbum som i følgje Anderson blanda folkemusikk og mellomaldermusikk med heavy metal.[1] Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic kalla albumet «så nær 70-tals progressiv rok som det er mogeleg å kome i 2014».[2]
Konsept
Uttrykket Homo Erraticus er latinsk for «vandrande mann», og konseptet byggjer dels på den oppdikta karakteren Gerald Bostock, eit vedunderbarn. Ein har fått detaljar frå soga frå to offisielle kjelder, som går til dels i mot kvarandre: nettsida til Jethro Tull og ei eiga marknadsføringsside for albumet.
Den generelle bakgrunnssoga for albumet er at i år 2014 så har diktaren Gerald Bostock, som no er tidleg i 50-åra, nyleg oppdaga eit «støvete, upublisert manuskript» hos bokhandlaren i byen, skriven av den lokale amatørhistorikaren Ernest T. Parritt, (1873 -1928), som enten vert kalla «Homo Britanicus Erraticus»[3] eller «Homo erraticus (The St Cleve Chronicles)».[4] Anderson hevda at tekstane på albumet er tolkinga til Bostock av det illustrerte dokumentet til Parritt som oppsummerer historiske element i den tidlege sivilisasjonen i Storbritannia og som òg verkar å vere eit profeti for framtida.»[3] To år før han døydde skal Parritt visstnok ha byrja å få syn frå tidlegare liv, som anten kom av at «Parritt hadde eit traumatisk fall frå hesten sin»[3] eller «leid av tilbakevendande malaria, han fekk då ha var i hæren i India».[4] Parritt opplever liva til «ein førhistorisk, nomadisk steinaldermann, ein smed frå jernalderen, ein saksisk inntrengjar, ein kristen munk, ein latinskuleelev på 1600-talet, ein vertshushaldar, ein jernbaneingeniør for Brunel, og til og med prins Albert, ektemannen til dronning Victoria.»
Remove ads
Kritikk
AllMusic gav tre og ei halv stjerne og skreiv «konturane av komposisjonane minner om klassisk tull, så Homo Erraticus er til sjuande og sist tilfredsstillande».[6]
Innhald
Alle songane er oppført som skrivne av Ian Anderson og Gerald Bostock. Albumet er delt inn i tre delar – «Chronicles», «Prophecies» og «Revelations».[7]
Remove ads
Medverkande
Musikarar
- Ian Anderson – solo- og korvokal, fløyte, akustisk gitar
- Florian Opahle – elektrisk gitar
- John O'Hara – piano, orgel, klaverinstrument, trekkspel
- David Goodier – bassgitar
- Scott Hammond – trommer, perkusjon
- Ryan O’Donnell– ekstra vokal
Teknisk
- Jakko Jakszyk – miksing, mastering
- Carl Glover – kunst, design, fotografi
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads