Hornindal kommune

Tidlegare kommune i Sogn og Fjordane From Wikipedia, the free encyclopedia

Hornindal kommune
Remove ads

Hornindal er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke som eksisterte frå 1867 til 1964 og frå 1977 til 2020. Området hadde om lag 1200 innbyggarar. Kommunesenteret var Grodås. I Hornindal ligg den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Historie

Frå 1837 var Hornindalen del av formannskapsdistriktet for Eid.[1] Hornindal var ein sjølvstendig kommune frå 1867 til 1964, då han vart slått saman med Stryn.

I 1965 vart kommunen delt. Størstedelen vart slått saman med Stryn kommune og ein annan del vart slått saman med Eid kommune. I 1977 vart den delen som hadde vore del av Stryn, skilt ut att som eigen kommune. Då kommunen vart gjenoppretta, var han den minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal, men i 1979 passerte han Solund kommune i folketal, og har sidan då vore den nest minste kommunen i fylket.

30. juni 2016 vedtok kommunestyret at det ønskte å slå seg saman med Volda kommune. Volda fatta eit tilsvarande vedtak, og det vart gjort eit endeleg vedtak av Kongen i statsråd hausten 2017. Hornindal og Volda kommune gjekk saman i nye Volda kommune frå 1. januar 2020, og Hornindal vart del av Møre og Romsdal.[2]

Remove ads

Kjende personar frå Hornindal kommune

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads