Anders Fannemel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Anders Fannemel (fødd 13. mai 1991) er ein norsk skihoppar frå Hornindal, som er medlem av Hornindal IL. Han har ein sølv- og ein bronsemedalje frå noregs meisterskap i skihopp.
Fannemel debuterte i verdscupen med ein 10. plass på Lillehammer 5. desember 2009. Resten av sesongen og 2011-sesongen makta han ikkje å fylgje opp.
Fyrst i 2012-sesongen slo Fannemel seg inn på nasjonalt toppnivå. Under NM i hopp i Granåsen fekk han bronse, bak vinnaren Anders Bardal og Bjørn Einar Romøren. Fire veker seinare, under VM i skiflyging i Vikersundbakken den 25. februar 2012, hoppa han heile 244,5 m og var berre to meter bak verdsrekorden. Sidan han mislukkast med andrehoppet, kom han på 13. plass i tevlinga. I slutten av mars månad tok han NM-sølv i normalbakken på Voss, bak Anders Jacobsen. 15. februar 2015 sette Fannemel ny verdsrekord i skiflyging med eit hopp på 251,5 meter. Det var 1,5 meter lenger enn den gamle rekorden som Peter Prevc hadde sett dagen i førvegen i same bakke.[1]
Remove ads
- 2010: Nr 10 på Lillehammer
- 2012: Nr 7 i verdscupen i Sapporo. Nr 13 i skiflygings-VM i Vikersund, og med på det norske laget som vart nr 4 i laghoppinga i same meisterskapen. Nr 2 i laghopping verdscup i skiflygning i Planica
- 2013: 2 tredjeplassar i verdscupen laghopping, i Planica og Klingenthal
- 2014: Tok sin fyrste verdscupsiger i Nizjnij Tagil i Russland.
- 2015: 2 andreplassar og verdsrekord i verdscupen i skiflygning i Vikersund.
- 2017: Verdenscupsiger for 4. gong i Engelberg laurdag den 16. desember
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads