Janne Formoe

norsk skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Janne Miriam Rudolfsen Formoe (fødd 13. juli 1975) er ein norsk profesjonell skodespelar frå Kristiansand. Ho er best kjend som Sunniva i Kaptein Sabeltann-framsyningane i Dyreparken, 14 sesongar på rad frå ho var ung tenåring. Ho scenedebuterte i juli 1990 i barneshowet.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Janne Formoe var programleiar i ZTV Norge, i programserien Pop TV i 1995–1996. I Oslo og Kristiansand hadde ho stor suksess med einmannsframsyninga Neverending Story i 2004.[2][3] Formoe vart uteksaminert frå Statens Teaterhøgskole i 2000. Etter at ho var ferdig med teaterskolen vart ho engasjert av Teater Ibsen og Trøndelag Teater. I 2003 kom ho til Nationaltheatret. I 2008 deltok ho i TV 2-serien Skal vi danse.[4]

I 2010–2012 spelte ho rolla som Mona Lizzie Olsen i Hotel Cæsar.[5] Somrane 2014, 2015 og 2016 var ho medprogramleiar i Sommer i Dyreparken på TV2. Sidan 2014 har ho også spilt Eva, ei av hovudrollene i den norske komedieserien Neste sommerTVNorge.

Remove ads

Familie

Formoe er dotter av den folkekjære underhaldningsartisten og forfattaren Terje Formoe, som er best kjend som skaparen av Kaptein Sabeltann's verd. Janne Formoe var sambuar med Jan Fredrik Karlsen fram til desember 2006, og dei har ei dotter saman.

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads