Hoverla

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hoverla
Remove ads

Hoverla (ukrainsk Говерла, Hoverla; ungarsk Hóvár; rumensk Hovârla; Goverla, tsjekkisk og slovakisk: Hoverla, polsk Howerla, russisk Говерла) er med ei høgd på 2061 meter over havet det høgaste fjellet i Ukraina og ein del av Karpatane. Fjellet ligg aust i Beskidane i Tsjornohora. Fjellsidene er dekte av bøk- og granskog, og over skogane ligg det fjellenger kalla polonyna på ukrainsk. På austsida av fjellet ligg hovudkjelda til elva Prut.

Thumb
Hoverla
Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...

Seint på 1800-talet vart fjellet eit kjent turistmål, særleg blant turistar frå nærliggande byar i Galicia. I 1880 var den første turistruta mellom toppen av Hoverla og Krasny Luh markert av Leopold Wajgel. Året etter vart den første hytta bygd her.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads