How Are You

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«How Are You» er ein song av The Kinks på albumet Think Visual frå 1986. Songen var skriven av Ray Davies.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Innspeling

Den første demoinnspelinga av «How Are You» vart gjort i januar 1986 i Konk Studios.[1] Ray Davies likte vokalen på demoen så godt at han brukte dette på den endelege innspelinga.[1]

Utgjeving

«How Are You» vart først gjeven ut i november 1986 på Think Visual. Ein månad seinare kom han ut som den første britiske singelen frå albumet, med B-sida «Killing Time». Singelen vart ein moderat suksess og nådde 86. plassen på den britiske singellista. Dette var den siste Kinks-singelen som gjekk inn på lista i Storbritannia. I USA vart Dave Davies-songen «Rock 'n' Roll Cities» vald ut som den første singelen frå albumet. «How Are You» vart sidan gjeven ut som oppfølgjaren, denne gongen med B-sida «Working at the Factory». I USA snudde radiopratarane plata og spelte «Working at the Factory» i staden. Denne nådde 16. plassen på Billboard si Album Rock Tracks-lista.

Musikkvideo

Det vart laga musikkvideo til songen med Ray Davies.[2] Videoen vart ikkje regissert av Julien Temple, som hadde regissert alle musikkvideoane deira sidan «Predictable».[2]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads