Lost and Found av The Kinks

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Lost and Found» er ein song av The Kinks på albumet Think Visual frå 1986. Han var skriven av Ray Davies.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Tekst

Teksten på «Lost and Found» skildrar eit par i New York City som mistar kvarandre då ein orkan råkar området. Midt under uvêret finn dei kvarandre att.

Utgjeving

«Lost and Found» kom først ut på albumet Think Visual i november 1986. Songen vart gjeven ut på singel i både Storbritannia (som den andre singelen) og Amerika (som den tredje singelen). Sjølv om han ikkje nådde Billboard Hot 100 eller UK Singles Chart, nådde han 37. plassen på Mainstream Rock-lista i USA, like hgt som «Rock 'n' Roll Cities», den første singelen frå albumet.

Musikkvideo

Det vart laga ein video (med The Kinks) for å marknadsføre «Lost and Found».[1] I videoen spelar eit orkester songen med medlemmar av The Kinks, medan ein ser ein film i bakgrunnen. Ray Davies har på seg gammaldagse klede.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads