Hu Jintao

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hu Jintao
Remove ads

Hu Jintao (fødd 21. desember 1942) var generalsekretær i det kinesiske kommunistpartiet frå 2002 til 2012 og president i Folkerepublikken Kina frå mars 2003 til mars 2013.[1]

Kjappe fakta Periode, Parti ...

Hu er utdanna hydraulikkingeniør ved det prestisjefylte Qinghua-universitet i Beijing. Han blei med i det kinesiske kommunistpartiet før Kulturrevolusjonen i 1964. Då han var ferdig utdanna året etter, blei han send til den nordvestre Gansuprovinsen som del av Mao sitt utviklingsprogram for Kina. Han gjorde inntrykk på dei overordna i provinsen og i partiet, og steig i gradene.

Han var partisekretær for Den autonome regionen Tibet frå 1988 til 1992 og blei generalsekretær i det kinesiske kommunistpartiet i 2002. 15. mars 2003 blei han president av Kina etter Jiang Zemin.

Hu Jintao var den fyrste statsleiaren i Folkerepublikken Kina til å tale standard mandarin. Han er gift med Liu Yongqing, som han møtte på Tsinghuauniversitetet då han studerte der. Dei har to barn] Hu Haifeng og Hu Haiqing.

Hu var den første statsleiaren i Kina sidan danninga av folkerepublikken i 1949 som besøkte ein taiwankinesisk president, Lien Chan. Hu har òg understreka kor viktig dei demokratiske rettane i Kina er, men han har likevel innført streng mediasensur, og er ofte vorten skulda for å undertrykkje pressefridomen. Spesielt har Hu vore skeptisk til Internett.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads