Hundeidvik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hundeidvik er ei bygd i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Staden ligg ytst i Hjørundfjorden, og var tidlegare del av Hjørundfjord herad. Fjellet Skopphornet reiser seg aust for bygda.
Bygda har i dag omlag 400 innbyggjarar. Hjørnesteinsbedrifta Formfin med ca 45 ansette. Bedrifta produserar møblar. Då Hundeidvik barneskule vart nedlagd, i 2011, vart den kristne Hundeidvik Privatskule etablert.[1] Skuleåret 2020/21 husa Hundeidvik Privatskule 41 elevar. Den nye skulen ligg ved Hundeidvik stadion. Der ligg òg grendehuset.
Bygda har vorte kjend for Hundeidvik Fotballfestival, ei fotballturnering for born. Andre aktivitetar er fotball, ungdomsgrupper, bogeskyting,[2] møtekveldar og friluftsliv.
Frå Hundeidvik er det 12 km til Aure, sentrum i kommunen.
Remove ads
Reiseliv
Det ligg fleire utleigehytter langs fjorden i Hundeidvik. Bygda ligger i hjertet av Sunnmørsalpene og egner seg som base for fjellturar, naturopplevingar og fjordturer. Frå ferjekaia går det ferje over fjorden til Festøy i Ørsta.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads