Hunzadalen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hunzadalen
Remove ads

Hunzadalen (burushaski, wakhi og urdu ہنزہ) er ein fjelldal i Gilgit-Baltistan i Pakistan. Dalen ligg heilt nord i Pakistan med grense til Kina og Afghanistan. Hunzaelva renn gjennom dalen.

Kjappe fakta Land ...
Remove ads

Historie

Thumb
Baltit festning
Thumb
Hunzadalen om hausten.

Hunza var tidlegare ein fyrstestat som grensa til Uyghurstan (Xinjiangi Kina) i nordaust og Pamir i nordvest. Området blei erobra av britane mellom 1889 og 1892, og den dåverande leiaren Mir Safdar Ali Khan flykta til Kashghar i Kina.[1] Under Britisk India grensa han til Gilgit Agency i sør og fyrstestaten Nagar i aust. Staten blei endeleg oppløyst i 1974 av den pakistanske statsministeren Zulfikar Ali Bhutto.

Hovudstaden i fyrstestaten var Baltit (også kjend som Karimabad). I dag er Baltit eit viktig turistmål i Hunzadalen. I dag er likevel Aliabad eit viktigare økonomisk og administrativt senter.

Thumb
Skredet frå 2010.

Skred i 2010

I 2010 demma eit skred opp elva og laga ein innsjø kjend som Attabad. Demninga truga 15 000 folk i dalen under og blokkerte 27 km av Karakoram Highway.[2][3]

Remove ads

Klima

I mai kan temperaturen nå maksimum på 26 °C og minimum på 10 °C, i oktober er maksimum 23 °C og minimum 2 °C. Turistsesongen i dalen er som regel frå mai til oktober, ettersom Karakoram Highway ofte blir blokkert av snø om vinteren.

Innbyggjarar

Thumb
Kvinner krysser Hunza-elva ved Passu.

Lokale språk i dalen er mellom anna burushaski, wakhi og shina. Dei viktigaste folkegruppene i dalen er:

  • I nedre Hunza, frå Khizerabad til Nasirabad: Hovudsakleg shinakifolk som snakkar shina.
  • Sentrale Hunza, frå Murtazaabad til Attabad: Hovudsakleg burushaskitalarar, men ei folkegruppe kalla domaki har lenge budd nær Baltit.
  • Øvre Hunza (Gojal), frå Shishkat til Khunjerab: Hovudsakleg wakhitalarar, av sentralasiatisk opphav. Burushaskitalarar blei flytta hit under mir Nazim Khan.

Lesekunne blant innbyggjarane her er rekna å vera over 90 %.[4] Nesten alle barn har minst grunnskule.[4]

Dei fleste innbyggjarane er ismailimuslimar, tilhengjarar av prins Karim Aga Khan IV. I Ganish høyrer ein majoritet til tolvar-sekta av sjiaislam.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads