Husbands and Wives av Roger Miller

song av Roger Miller From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Husbands and Wives» er ein song skrive og spelt inn av den amerikanske countrysongaren Roger Miller. Originalen til Miller frå albumet Words and Music, vart gjeve ut i 1966 og vart ein hit på både countrylista og Adult Contemporary-lista, i tillegg til at han gjekk inn på Topp 40 på poplista. Songen har sidan vorte spelt inn av mange andre artistar, som The Everly Brothers, Ringo Starr, ein duett mellom David Frizzell og Shelly West, og av Brooks & Dunn, som nådde toppen av countrylista med versjonen sin i 1988. Neil Diamond har òg spelt songen.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Innhald

«Husbands and Wives» er ein mellomrask vals i F-dur. Forteljaren observerer eit par som er i ferd med å gjere det slutt («Two broken hearts, lonely, looking like houses / Where nobody lives»). Han meiner så at forholdet deira er spent fordi dei to er for stolte («It's my belief pride is the chief cause in the decline / In the number of husbands and wives»).

Roger Miller-versjonen

Roger Miller spelte inn songen i 1966 for albumet Words and Music,[1] og gav han ut som den første singelen frå albumet. Singelen nådde Topp 5 på både country- og Adult Contemporary-lista, i tillegg til Topp 40 på Billboard Hot 100. B-sida, «I've Been a Long Time Leavin' (But I'll Be a Long Time Gone)», nådde 13. plass på countrylista.[2]

Lister

Meir informasjon Liste (1966), Plassering ...


Remove ads

David Frizzell- og Shelly West-versjonen

Meir informasjon David Frizzell og Shelly West-kronologi ...

David Frizzell og Shelly West spelte inn songen i 1981 for duettalbumet deira Carryin' On the Family Names, og gav han ut som den tredje og siste singelen frå albumet. Versjonen deira nådde Topp 20 på countrylista.

Lister

Meir informasjon Liste (1981), Plassering ...


Brooks & Dunn-versjonen

Meir informasjon B-side, Brooks & Dunn-kronologi ...

Country-duoen Brooks & Dunn spelte songen i 1998 for albumet If You See Her. Med solovokal frå Ronnie Dunn,[3] gav dei songen ut som den tredje singelen frå albumet og han nådde toppen av countrylista i desember 1998. Han nådde òg 36. plass på Billboard Hot 100.

Lister

Meir informasjon Liste (1998), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads