Kapetingarane

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kapetingarane
Remove ads

Kapetingarane (fransk Les Capétiens eller la Maison capétienne, ‘Huset Capet’) var ei fransk kongeslekt som følgde den karolingiske kongeslekta. Dei styrka makta til kongeriket ved å lage eit nytt styringssystem og ved at dei gav mindre makt til vasallane. Kapteingarane styrte kongedømet Frankrike frå 987 til 1328,[1] og produserte direkte arvingar til trona i over 300 år.

Thumb
Det gamle franske kongevåpenet.

Slekta stamma frå robertianarane, med føregangarar som Robert den sterke og Robert I av Frankrike. Huset Capet fekk namn frå tilnamnet til Hugo Capet, som var den første kongen frå denne slekta. «Capet» kom av at Hugo, som abbed for Saint-Martin de Tours og Saint-Germain des Prés, bar ein kort frakk kalla cappa.

Hovudlinja til sketa døydde ut i 1328 med kong Karl VIII av Frankrike. Etter dette stamma dei franske kongane frå dei kapetingiske sidegreinene Valois og Bourbon fram til 1848, med avbrot i samband med den franske revolusjonen.[2] I dag stammar kongehusa i Spania og Luxemburg frå kapetingarane.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads