Huset Bourbon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Huset Bourbon
Remove ads

Huset Bourbon er ei kongeætt som har regjert i Frankrike, Spania, og noverande Italia.

Kjappe fakta Land, Grein av ...

Det noverande huset Bourbon er ei grein av Huset Capet, gjennom bror til Filip III av Frankrike, Robert av Clermont, som gifta seg med Beatrix, ei dotterdotter til Arcimbold VII, den siste hertugen av det eldre huset Bourbon. Den bourbonske tittelen har fleire gonger vorte ført vidare gjennom kvinneledd. Den første kongen av Frankrike frå dette huset var Henrik IV av Frankrike (1553–1610), son til hertugen av Vendôme og dronning Johanna III av Navarra.

Namnet kjem av stamborga Bourbon l'Archambault i Frankrike. Første huset Bourbon, greven av Bourbon, er kjent sidan 900-talet.

Det franske kongehuset Bourbon vart grunnlagt av Henrik IV av Frankrike. Greiner av det franske huset Bourbon har òg regjert i Napoli og Sicilia og dessutan i Parma og innehar enno den spanske trona. Ei grein av ætta fekk tittelen prins av Condé. Den greina døydde ut i 1830. Det einaste statsoverhovudet av ætta i dag er Juan Carlos I av Spania.

Remove ads

Liste over regentar frå huset Bourbon

Frankrike

Franske monarkar

Datoane viser regjeringstid

Pretendentar til den franske trona

Franske monarkar

Legitime pretendentar til den franske trona

  • Karl X (1830–1836)
  • Ludvig XIX (1836–1844)
  • Henrik V (1844–1883)
  • Johan III (1883–1887)
  • Karl XI (1887–1903)
  • Jaime I (1903–1931)
  • Karl XII (1931–1936)
  • Alfonse I (1936–1941)
  • Henrik VI (1941–1975)
  • Alfonso av Anjou og Cádiz (1975–1989)
  • Louis Alphonse av Anjou (frå 1989)
Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads