Huy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Huy (vallonsk Hu, nederlandsk Hoei) er ein kommune i Belgia. Han ligg i Vallonia i provinsen Liege. Huy ligg ved elva Meuse, ved munningen til den vesle elva Hoyoux. Han ligg i sillon industriel, det tidlegare industriområdet i Vallonia, der om lag ein tredjedel av innbyggjarane i regionen bur.
Huy oppstod som ein romersk castrum og tidleg i mellomalderen var Huy ein av dei mest velståande byane ved Maas. På 900-talet fekk Huy status som grevskap, men vart snart ein del av fyrstbispedømet Liège for dei neste åttehundre åra.
Det vart bygd ei borg på ein ås midt i sentrum av byen. Med den strategiske plasseringa ved Maas vart byen derfor mange gonger utsett for åtak, særleg mot slutten av 1600-talet under krigane til Ludvig XIV. Dette førte til at dei frustrerte innbyggjarane til slutt reiv ned borga si i 1715. Ei ny festning vart bygd av nederlendarane i 1818 på den same strategiske staden.
Remove ads
Galleri
- Li Pontia
 - Li Bassinia
 - Li Tchestia
 - Utsyn frå festninga
 - Byen og festninga
 - Gammal gate i Huy
 - Notre-Dame
 
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
