Vallonsk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Vallonsk eller wallonsk (vallonsk walon, fransk wallon) er eit språk som høyrer til den gruppa av romanske språk som på fransk vert kalla langue d'oïl, eller berre oïl. Desse utvikla seg i mellomalderen i eit område nord i Gaule, deretter i Nord-Frankrike, sør i Belgia (det romanske Belgia) og på Kanaløyane.

Kjappe fakta

Bruken av vallonsk er avgrensa til eit område i det elles fransktalande Sør-Belgia (Vallonia, fransk: Région wallonne eller Wallonie) og til nokre av dei tilgrensande områda i Ardennes i Frankrike (og er dessutan nytta eller kjend i somme tradisjonsmiljø nordaust i delstaten Wisconsin i USA).

Vallonsk skil seg markant frå det normerte franske språket som vert nytta i Belgia som det eine av dei tre offisielle språka i landet; dei to andre er flamsk (den belgiske varianten av nederlandsk) og tysk.

Remove ads

Dei vallonske dialektane

Thumb
Den geografiske fordelinga av dei vallonske dialektane. Stipla line på kartet markerer både riksgrensa for Belgia og dei indre regionsgrensene, og heildrege line markerer språkgrensa for det romanskspråklege (fransk- og vallonsk-språklege) Belgia.

Vallonsk har fire distinkte dialektar som vert tala i ulike område. Dei vallonske dialektane i Belgia er aust-vallonsk (fransk: est-wallon) òg kalla liégeois; sentral-vallonsk eller midt-vallonsk (fransk: centre-wallon), òg kalla namurois; vallonsk-picard (fransk: wallo-picard), som unøyaktig òg vert kalla vest-vallonsk (ouest-wallon).

Sør-vallonsk (fransk: sud-wallon), òg kalla wallo-lorrain, vert tala i delar av Luxembourg og sør-aust i Namur (Ardennes namuroises) i Frankrike.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Atlas linguistique de la Wallonie («Språkleg atlas over Vallonia») ved l’Université de Liège.

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads