Lågt blodtrykk

unormalt lågt blodtrykk From Wikipedia, the free encyclopedia

Lågt blodtrykk
Remove ads

Lågt blodtrykk eller hypotensjon er ein tilstand med unormalt lågt blodtrykk i pulsårene i systemkretsløpet.[1] Blodtrykk er definert som den krafta blodet ytar mot dei indre veggane i pulsårene når hjarta pumpar blod. Hypotensjon er generelt rekna som systolisk blodtrykk på mindre enn 90 mmHg eller diastolisk blodtrykk på mindre enn 60 mmHg.[2][3] I praksis plar ein å rekne blodtrykket som lågt fyrst når symptom er tilstades.[4]

Kjappe fakta Klassifikasjonar og ressursar, ICD-9-kode: ...
Remove ads

Hypotensjon står i motsetnad til hypertensjon, som er ein tilstand med høgt blodtrykk. Det er ein fysiologisk tilstand, og vert ikkje rekna som ein sjukdom. Det er ofte tilknytt sjokk, men er ikkje naudsynleg ein indikasjon for dette.

For nokre menneske som trenar og er elles i toppform, så er lågt blodtrykk eit teikn på god helse.[5] For andre kan lågt blodtrykk føre til ørske og uviting, og stundom alvorleg liding i det kardiovaskulære-, endokrine- eller nevrologiske systemet. Veldig lågt blodtrykk kan utmatte hjernen og andre vitale organ for oksygen, og føre til livstrugande sjokk.

Remove ads

Symptom og sjukdomsteikn

Kardinalsymptoma for hypotensjon omfattar omtåke og ørske. Viss blodtrykket er lågt nok kan uviting og anfall førekoma.

Symptoma ved hypotensjon skuldast ofte dei føreliggjande årsakene til hypotensjon, heller enn sjølve effektane av tilstanden:

Remove ads

Diagnose

For dei fleste vaksne er det helsemessig bra å ha eit blodtrykk kring 120/80 mmHg.

Eit blodtrykksfall på så lite som 20 mmHg kan føre til forbigåande hypotensjon.[6]

Evaluering av nevrokardiogen synkope vert utført med ein vippetest.

Handsaming

Handsaminga av lågt blodtrykk er avhengig av årsaka. Kronisk hypotensjon er sjeldan meir enn eit symptom. Asymptomatisk hypotensjon i friske menneske krev oftast ikkje medisinsk handsaming. Tilsetting av elektrolyttar i dietten kan lindre symptoma ved mild hypotensjon. Ein morgondose med koffein kan òg vere effektivt. I milde tilfelle der personen fortsatt er responsiv, kan det vere nyttig å legge personen på ryggen og heve beina, slik at den venøse returen gjev meir blod til kritiske organ i brystkassen og hovudet. Trendelenburgs leie har vore mykje brukt gjennom historia, men er ikkje lenger tilrådd.[7]

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads