I've Seen All Good People

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«I've Seen All Good People» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1971 på albumet The Yes Album. Songen er skriven av Jon Anderson og Chris Squire, og er ein av bandet sine mest kjende og «radiovenlege» songar. Songen er delt opp i to satsar, «Your Move» og «All Good People», og varar i 6 minutt og 56 sekund. Ein redigert versjon av songen beståande hovudsakleg av satsen «Your Move», vart utgjeve som singel i 1971.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Struktur

Første satsen, «Your Move» er skriven av Jon Anderson og er delvis basert på Lewis Carroll-boka Through the Looking-Glas, som er rekna som framhaldet av historia frå Alice i Eventyrland. Boka handlar om eit parti sjakk, der Alice er med i spelet som bonde, men som avanserer på brettet og blir dronning. Teksten refererer både til hendingar i boka, og til spelet sjakk generelt.[1][2]

Andre sats, «All Good People», er skriven av Chris Squire og består av ei rekkje repetisjonar av refrenget, med eit konvensjonelt rock-lydbilete. Satsen blir prega av høgt tempo og tette vokalharmoniar. Teksten inneheld òg referansar til John Lennon-songane «Instant Karma» og «Give Peace a Chance».

Remove ads

Konsertversjonar

«I've Seen All Good People» er den tredje mest spelte songen under konsertane til Yes.[3] Songen har vorte spelt på nærast alle konsertar sidan utgjevinga i 1971.

Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «I've Seen All Good People»:

  • Yessongs
  • An Evening of Yes Music Plus (Anderson Bruford Wakeman Howe)
  • Keys to Ascension 2
  • House of Yes: Live from House of Blues
  • Symphonic Live
  • The Word Is Live
  • Live at Montreux 2003
  • Songs from Tsongas (berre DVD)
  • Union Live
  • In the Present – Live from Lyon
Remove ads

Medverkande

På originalinnspelinga frå 1971 medverkar:

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads