Roundabout
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Roundabout» er ein song av det engelske progressiv rock-bandet Yes, gjeven ut på albumet Fragile i 1971. Songen vart skriven av Jon Anderson og Steve Howe, og ein redigert versjon vart gjeven ut som singel i 1972, og ein konsertversjon vart gjeven ut som singel i 1973. Den er ein av dei mest kjende songane til Yes, samt den songen som er vorten framført oftast under konsertane deira.[1] Songen er 8 minutt og 30 sekunder lang. Ein redigert versjon på 3 minutt og 27 sekund vart gjeven ut som singel, og kom på 13. plass på Billboard Hot 100 i USA i 1971.
Remove ads
Struktur
Songen opnar med eit baklengs opptak av eit piano, som blir punktert av eit kort tema spelt på akustisk gitar med ein oktav-harmonisk teknikk i ein slags barokk-stil. Dette blir repetert, før gitaren avsluttar det korte opningstemaet og introduserer hovudtemaet saman med resten av instrumenta. Songen følgjer hovudsakleg konvensjonell rock-stil, med visse unntak.
Konsertversjonar
Yes har spelt «Roundabout» under nærast alle konsertar sidan utgjevinga i 1971. På 1970-talet vart det framført ein versjon der opningstemaet vart spelt på elektrisk gitar, og sidan dei tekniske høva for betre lyd under konsertar for akustiske instrument betra seg på 1980-talet, vart det framført versjonar tett opptil originalinnspelinga. På midten av 2000-talet framførte Yes songen i ein akustisk blues/jazz-versjon.
Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «Roundabout»:
- Yessongs – innspelt i 1972 (elektrisk gitar på opningstemaet)
- The Word Is Live – innspelt i 1979
- Keys to Ascension – innspelt i 1996 (nær identisk med originalinnspelinga)
- House of Yes: Live from House of Blues – innspelt i 1999
- Live at Montreux 2003 – innspelt i 2003
- Symphonic Live – innspelt i 2001
- Songs from Tsongas – DVD innspelt i 2004 (akustisk blues/jazz-versjon)
- Union Live – innspelt i 1991, gjeven ut i 2011
- In the Present – Live from Lyon frå konserten deira i Lyon 1. desember 2009, gjeven ut i 2011
Remove ads
Versjon på ny-utgjevinga frå 2003
På ny-utgjevinga av albumet Fragile frå 2003 finst eit «bonus-spor» med ein alternativ miks av songen. Denne versjonen er særs lik den ferdige og kjente versjonen, og varer i 8 minuttar og 35 sekunder.
Medverkande
På originalinnspelinga frå 1971 medverkar:
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads