INF-avtalen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
INF-avtalen (Intermediate-Range Nuclear Force Treaty) var ein nedrustingsavtale mellom USA og Sovjetunionen underskriven den 8. desember 1987 av Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov.[1]

Avtalen gjekk ut på å eliminere alle landbaserte missil med rekkevidde meir enn 500 kilometer - opptil 1000 kilometer (korthaldsmissil), og med rekkevidde mellom 1000 og 5000 kilometer (kalla mellomdistansemissil).
Avtalen hadde òg følgjande klausular:
- Overvaking av atomeksplosjonar.
- Lovnader om nedskjeringar av strategiske våpen.
INF-avtalen vart i 1991 følgd av den fyrste START-avtalen (Strategic Arms Reduction Treaty), òg kalla START I, der mengda langtrekkande atomvåpen vart vidare redusert.
Presidenten i USA, Donald Trump, annonserte 20. oktober 2018 at han ville trekkja seg frå avtalen, og skulda Russland for ikkje å ha følgd han.[2][3] USA oppheva så avtalen den 1. februar 2019,[4] og Russland svara med å gjera det same dagen etter.[5] USA trekte seg formelt frå avtalen 2. august 2019.[6] 4. september 2019 sa den russiske presidenten Vladimir Putin at Russland kom til å laga nye missil men ikkje setja dei i bruk om ikkje USA gjorde det først.[7]
Remove ads
Avvikling og destruering av våpen under avtalen
Av dei våpena som vart avgjort destruerte ved avtalen, var RT-21M (NATO-nemning SS-20) og dei amerikanske missila BGM-109 Tomahawk og Pershing II frå landbaserte avfyringsrampar.
I mai 1991 var 2692 missil øydelagde, og 10 år med inspeksjonar og verifisering om at avtalen vart etterlevd, vart gjorde i dei neste 10 åra.
Missilsystem som vart avvikla:
- USA
- Pershing Ib
- Pershing II
- BGM-109G Gryphon
- Sovjetunionen
- SS-4 Sandal
- SS-5 Skean
- SS-12 Scaleboard
- SS-23 Spider
- SS-20 Saber
- SSC-X-4
Remove ads
Skuldingar om brot på avtalen
Begge land har skulda kvarandre for brot på avtalen. USA skulda Russland for å bryta avtalen med SSC-8, som byrja testing frå 2008.[8] Desse skuldingane vart tekne opp att i 2014[9][10] og 2017.[8]
Russland skulda USA for brot på avtalen med avgjerda om utplassering av Tomahawk missil i Polen og Romania i samband med det såkalla «rakettskjoldet», [11][12][13][14] og hevda at USA òg utvikla dronar som braut avtalen.[15]
Den 20. oktober sa president Donald Trump at USA kom til å trekka seg frå avtalen.[16][2][17][18]
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads