I Don't Want to Miss a Thing

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«I Don't Want to Miss a Thing» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith, framført som temasong for katastrofefilmen Armageddon i 1998, der dottera til songaren Steven Tyler, Liv, hadde ei av rollene. Det er ein av fire songar framført av bandet for filmen, i lag med «What Kind of Love Are You On», «Come Together» og «Sweet Emotion». Powerballaden[3] vart skriven av Diane Warren, som opphavleg hadde sett for seg at songen skulle framførast av «Celine Dion eller nokon som det».[4] Songen hadde premiere på radio den 12. mai 1998, og vart offisielt lagt til radiolistene ei veke seinare.[5]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I USA skulle «I Don't Want to Miss a Thing» opphavleg berre vera ein radiosingel frå Armageddon: The Album, men på grunn av stor etterspurnad gav Columbia Records ut songen kommersielt i august 1998.[6][7] Han debuterte deretter på toppen av Billboard Hot 100, noko som gav bandet deira første og einaste nummer éin-single i heimlandet. Songen toppa òg som nummer éin i fleire veker i fleire andre land, inkludert Australia, Irland og Noreg. I Storbritannia selde han over éin million eksemplar og nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart.

Songen vart spelt inn av den amerikanske countrysongaren Mark Chesnutt for albumet I Don't Want to Miss a Thing av Mark Chesnutt med same namn. I byrjinga av 1999 vart versjonen hans ein topp tjue-hit på Billboard Hot 100, samtidig som han toppa Billboard Hot Country Songs-lista.

Remove ads

Inspirasjon og bakgrunn

I 1997 såg Diane Warren Barbara Walters intervjua James Brolin og Barbra Streisand. Brolin sa at han sakna Streisand medan dei sov, og Warren skreiv ned orda «I don't want to miss a thing», før det i det heile var ein song.[8] «Då eg først høyrde han,» minnest trommeslagaren Joey Kramer, «var det berre ein demo med piano og song. Det var vanskeleg å førestilla seg kva slags preg Aerosmith kunne setja på han og gjera han til vår eigen... Så snart me byrja å spela han som eit band, vart han umiddelbart ein Aerosmith-låt.»[9]

Remove ads

Mottaking

Songen fekk generelt positive meldingar frå kritikarane. Billboard skreiv: «Viss du er blant dei mange som elskar Aerosmith når dei gjev seg til powerballader à la 'Angel', så har du noko å gle deg til. Denne melodien frå det kommande soundtracket til Armageddon viser den uthaldande rockegruppa som lykkeleg gir etter for romantikken til superstjernesongaren Diane Warren sin søte melodi - men med ein passande skvett med gitar-juice-melodrama. Signaturropinga til Steven Tyler er så intenst over toppen at han ofte ser ut til å skrika. Det er ei høgspent framsyning som blir matcha av ein kollisjon av rock og storslått, klassisk orkestrering. Det er ei oppskrift som vil visa seg uimotståeleg for topp 40- og AC-radio.»[10]

Birmingham Evening Mail kommenterte: «Låtskrivar Diane Warren vev magien sin igjen med ein bombastisk powerballade frå filmmusikken til Armageddon. Han passar perfekt til den sleskete vokalen til Steven Tyler når sporet går mot den strykar-dynka avslutninga si.»[11] Daily Record kalla han ein «episk ballade som har Steve Tyler som imiterer Bryan Adams».[12] Dei noterte han òg som ein «siste-dans-favoritt.»[13]

Remove ads

Effekt og ettermæle

Denne songen var den største hitten til Aerosmith, og debuterte som nummer éin på den amerikanske Billboard Hot 100, der han vart liggjande i fire veker i september, og nådde nummer éin over heile verda, inkludert Australia, Tyskland, Hellas, Irland, Austerrike, Noreg, Italia, Nederland og Sveits. Han bidrog til å introdusera Aerosmith for ein ny generasjon[14] og er framleis ein slager.[15]

Den 28. november 2015 song boksaren Tyson Fury songen etter å ha slått den lenge regjerande tungvektmeisteren Vladimir Klitsjko i Düsseldorf i Tyskland.[16] Fury song songen igjen etter å ha slått Tom Schwarz i 2019 på MGM Grand Arena i Las Vegas.[17]

Innhald

Amerikansk CD- og kassettsingel[18][19]

  1. «I Don't Want to Miss a Thing» – 4:58
  2. «Animal Crackers» – 2:36
  3. «Taste of India» (rock remix) – 5:52

Britisk CD1[20]

  1. «I Don't Want to Miss a Thing» – 4:58
  2. «Taste of India» (rock remix) – 5:52
  3. «Animal Crackers» – 2:36

Britisk CD2[21]

  1. «I Don't Want to Miss a Thing» – 4:58
  2. «Pink» (live) – 3:45
  3. «Crash» – 4:26

Britisk 7" biletplate og europeisk CD-singel[22][23]

  1. «I Don't Want to Miss a Thing» – 4:58
  2. «Taste of India» (rock remix) – 5:52

Europeisk maxi-singel[24]

  1. «I Don't Want to Miss a Thing» – 4:58
  2. «Taste of India» (rock remix) – 5:52
  3. «Crash» – 4:25
  4. «Animal Crackers» – 2:36

Australsk og japansk CD-singel[25][26]

  1. «I Don't Want to Miss a Thing» – 4:58
  2. «I Don't Want to Miss a Thing» (rock mix) – 4:58
  3. «Taste of India» (rock remix) – 5:52
  4. «Animal Crackers» – 2:36
Remove ads

Medverkande

Henta frå plateomslaget til Armageddon.[27]

Aerosmith

Andre medverkande

  • Suzie Katayama – strykearrangement

Salslister

Meir informasjon Liste (1998), Plassering ...
Remove ads

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Mark Chesnutt-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I desember 1998 gav countryartisten Mark Chesnutt ut ein coverversjon av songen. Versjonen hans er den første singelen og tittelsporet frå hans album frå 1999 med same namn. [96]

Chesnutt valde å spele inn songen etter forslag frå plateprodusenten sin Mark Wright, som hadde høyrt Aerosmith-versjonen på bilradioen sin. Ifølgje Wright lytta han og Chesnutt berre til Aerosmith-versjon to gonger før innspelinga, for å la Chesnutt komma opp med ein versjon som var «hans». Fordi dei to meinte at versjonen hans hadde potensial som singel, trekte plateselskapet Decca Records tilbake den dåverande singelen hans «Wherever You Are» i slutten av 1998 og byrja å promotera «I Don't Want to Miss a Thing» i staden.[97] Chesnutt sa òg at han valde å gjera songen fordi han trudde at han ville bidra til å gjenoppliva hans då dalande albumsal og hitlisteplassering.[98].

Sjølv om han var positiv til versjonen på den tida, noterte Chesnutt i 2016 at han «ikkje ønskte å spela han inn», og at sjølv om versjonen hans toppa countrylistene og var vellykka på radio, var salet dårleg for både singelen og det tilsvarande albumet. Han noterte òg at han kort tid etter forlét plateselskapet sitt etter å ha avslått tilboda deira om å spele inn ein annan poplåt.[99]

Meir informasjon Liste (1998–1999), Plassering ...
Remove ads

Notes

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads