Taste of India

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Taste of India» er ein song av det amerikanske hardrockbandet Aerosmith.[1] Han vart gitt ut i 1997 på det 12. studioalbumet deira, Nine Lives, og som ein promoteringssingel for radio, der han nådde tredjeplassen på Mainstream Rock Tracks-lista i 1998. Songen vart skriven av vokalisten Steven Tyler, gitaristen Joe Perry og låtskrivaren Glen Ballard. Songen, som varer i underkant av seks minutt, inneheld element av indisk musikk heile vegen, saman med drivande gitarriff og ein tung backbeat, og dessutan ein sarangi-intro av Ramesh Mishra, ein elev av Ravi Shankar.[2][3] Joe Perry og Brad Whitford speler begge Stratocasterar på denne songen.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Aerosmith-kronologi ...

Bandet uttalte at dei fekk ideen til denne songen ved å gå forbi ein restaurant ved namn «Taste of India».

Remove ads

Konsertversjonar

Denne songen hadde ikkje vorte spelt live sidan Nine Lives-turneen før konserten i Bangalore 2. juni 2007. Det var opningslåten på konserten, og vart spelt med det indiske flagget som bakgrunn.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads