I Heard It Through the Grapevine
song From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«I Heard It Through the Grapevine» er ein song skriven av Norman Whitfield og Barrett Strong for Motown Records i 1966, og gjort kjend av Marvin Gaye som gav han ut på singel i oktober 1968 på Motown sin Tamla-etikett.
Han vart opphavleg spelt inn av Smokey Robinson & the Miracles i 1966, ein versjon som vart avslått av Motown-eigaren Berry Gordy, som bad Whitfield og Strong om å gjere han mektigare. Etter innspeling av songen med Marvin Gaye i 1967, som Gordy òg avslo, produserte Whitfield ein versjon med Gladys Knight & the Pips, som Gordy gjekk med på å gje ut som singel i september 1967, og som gjekk til andreplass på Billboard-lista. Marvin Gaye-versjonen kom ut på albumet hans In the Groove i 1968, der han vart lagt merke til av radiostasjonar. Dette gjorde at Gordy gjekk med på å gje ut songen på singel i oktober 1968. Han gjekk til topps på Billboard-lista og vart liggande der i sju veker frå desember 1968 til januar 1969 og vart den største hitten til Motown på den tida.
Gaye-innspelinga har sidan vorte ein soul-klassikar og i 2004 vart han plasert på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han vart òg innlemma i Grammy Hall of Fame.
I tillegg til at han vart spelt inn av fleire andre Motown-artistar, er songen spelt inn av mange andre musikarar, som Creedence Clearwater Revival, som lagde ein elleve minuttar lang versjon for Cosmo's Factory i 1970.
Remove ads
Lovord
Gaye-innspelinga har vorte ein soul-klassikar. I 2004 vart han plassert på 80. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[1] I ei ny liste publisert i 2011 vart songen flytta ned til 81. plass.[2]
Til minne om 50-årsjubieleet for Billboard Hot 100 i juni 2008 vart Marvin Gaye-versjonen rangert på 65. plass på ei liste over tidenes beste songar.[3] Han vart òg innlemma i Grammy Hall of Fame.
Remove ads
Lister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads