Ibtin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ibtin (arabisk إبطن, hebraisk skrift אִבְּטִין) er ein beduinlandsby nord i Israel. Han ligg i Nedre Galilea kring ein halv kilometer frå Kfar Hasidim og høyrer til Zevulun regionale kommune. I 2012 hadde han eit folketal på 2 680.[1]
Landsbyen vart grunnlagd i 1965 som ein del av planen om å la beduinar i området få faste busetnader. Innbyggjarane i landsbyen kom frå Amira-stamma.
Det heilage treet U'm Ayash står i landsby, som i følgje ei segn let steinar rulle under seg kvar fredag.[2]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads