Ice Cream for Crow

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ice Cream for Crow er det tolvte studioalbumet til Captain Beefheart and the Magic Band, utgjeve i september 1982. Det vart det siste albumet Don Van Vliet spelte inn før han brått avslutta musikkarrieren sin for å fokusere på karrieren som kunstmålar. Albumet låg to veker inne på den britiske albumlista og nådde 90. plassen,[1] men gjekk ikkje inn på den amerikanske Billboard Top 200.

Meir informasjon Captain Beefheart og The Magic Band-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Produksjon

Medan Ice Cream for Crow vart produsert, hadde Herb Cohen kome til forlik i søksmålet hans mot Frank Zappa over at Zappa heldt attende masterlydbanda til Captain Beefheart-albumet Bat Chain Puller.[2] Don Van Vliet føreslo at halvparten av songane frå Bat Chain Puller skulle inkluderast på Ice Cream for Crow, men Zappa nekta Vliet å gjere dette, så Vliet komponerte derfor stort sett nye songar for albumet (unntaket var acapellasporet «81 Poop Hatch», som Vliet tok med frå kopien sin av lydbandet frå Bat Chain Puller, sjølv om «The Thousandth And Tenth Day Of The Human Totem Pole» vart spelt inn på ny). Songane «Semi-Multicolored Caucasian», «The Past Sure Is Tense» og «The Witch Doctor Life» var alle skrivne for tidlegare album, men ikkje nytta før no.[2]

«Skeleton Makes Good» vart skriven på ein kveld. I følgje Vliet-biografen Mike Barnes er «dei mest originale og vitale spora på albumet dei nye songane.» Medan Ice Cream for Crow, har røter i tidlegare musikalske idear, peikar det fram mot ei ny musikalsk retning for Captain Beefheart and the Magic Band. Barnes skreiv at albumet «kjennest ut som ein forrett for ein hovudrett som aldri kom».[3]

Remove ads

Utgjeving og marknadsføring

Plateomslaget syner eit måleri av Van Vliet og eit fotografi av han, teken av Anton Corbijn. Det vart laga ein musikkvideo til tittelsporet, regissert av Van Vliet og Ken Schreiber, med kinematografi av Daniel Pearl. Denne vart avvist av MTV fordi han var «for rar». Men videoen vart vist på TV-showet til Letterman, og akseptert på Museum of Modern Art, der han vart nytta i fleire program knytt til musikk.[4][5] Van Vliet forklarte i eit intervju i 1982 på Late Night with David Letterman at platetittelen representerte kontrasten mellom ei svart kråke og det kvite i ein vaniljeis.[6]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

John Peel kalla i BBC-dokumentaren The Artist Formerly Known as Captain Beefheart, Ice Cream for Crow eit av dei beste albuma til Captain Beefheart.[9]

Ned Raggett i AllMusic kalla albumet «ein siste underhaldande eksplosjon av vrikking frå ein av dei verkeleg sjølvstendige artistane i popmusikken på 1900-talet, med humor, dugleik og stil som alt er intakt.». Om The Magic Band skreiv han at «dei kverna ut meir opphakka rytmar, uventa gitarlinjer og uvanlege arrangement, Captain Beefheart let alt gå like vilt som alltid, med stor suksess.» Raggett sa at Beefheart' sine «underhaldande og vanvittige» opplesingar med suksess står side om side med dei «sinnsjukt flotte arrangementa» til The Magic Band.[7] Robert Christgau gav albumet karakteren A og sa, «Ornette eller ikkje Ornette, den utblomstra delta-atonaliteten gjev framleis overraskande og irreduserbar tilfredsstilling, men poesien hans gjentar seg meir enn ideane hans gjev rett til. Ein kvar surrealistisk økolog som forkynner den same preika kvar gang, er sikker på å provosere fram fiendtlige spørsmål frå oss betongjungeltypar.»[8]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Don Van Vliet

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande

  • Eric Drew Feldman Rhodes piano, synthbass
  • Janet Van Vliet og Jeff Moris Tepper – produsentassistent
  • Don Van Vliet – arrangør og produsent
  • Phil Brown – lydteknikar og mastering
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads