Icefields Parkway
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Icefields Parkway (fransk Promenade des Glaciers), òg kjend som Alberta Highway 93 north, er ein turistveg i Alberta i Canada. Han går parallelt med det kontinentale vasskiljet, gjennom det tøffe landskapet i den kanadiske delen av Rocky Mountains, gjennom Banff og Jasper nasjonalpark. Han knyter saman Lake Louise og Jasper.[1] I sørenden møter Icefields Parkway Alberta Highway 1 (Trans-Canada Highway). Highway 1 held fram mot vest til Yoho nasjonalpark i Britisk Columbia og fortset austover til Lake Louise og byen Banff.
Icefields Parkway er 230 km lang,[1] og blei ferdigstilt i 1940. Han har namnet sitt frå sjåverdige stader som Columbia Icefield, som er synleg frå vegen.
Vegen er mykje trafikkert i juli og august med opp til 100 000 bilar i månaden. Vegen har stort sett to felt, nokre stader med forbikøyringsfelt. Han har få bratte bakkar og hårnålssvingar, men trafikantane må passa seg for vilt og parkerte bilar langs vegkulderen. Ein kan forventa snø heile året, og ekstremvêr er vanleg på vinterstid.
Det er obligatorisk å kjøpa billett til nasjonalparkane for å køyra på Icefields Parkway; det er billettstasjonar nær Lake Louise og Jasper. Yrkestrafikk (lastebilar) er ikkje tillate.[1] Fartsgrensa er 90 km/t med redusert fart ved Saskatchewan River Crossing og området ved Columbia Icefield. På vinterstid er det påbode med dekkkjede eller vinterdekk, og det er ikkje uvanleg at vegen er stengt.

Remove ads
Kjelder
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads

