If—
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«If—» er eit dikt av den britiske forfattaren og lyrikaren Rudyard Kipling. Det vart skrive i 1895. Diktet uttrykkjer det stoiske mannsidealet frå Viktoriatida, medrekna «The stiff upper lip» som populærkulturen har gjort om til ein typisk britisk dyd. Diktet vart vald til engelsk favorittdikt i ei opinionmåling av BBC i 1995. Det er òg vorte gjenstand for mange parodiar.

Diktet er omsett til ei rekkje språk, inklusive av André Bjerke, som gav det tittelen «Hvis -». Ei anna omsetjing verd å merka seg, er den til burmesisk av Nobels fredspris-vinnaren Aung San Suu Kyi. Kipling-diktet «Mandalay» eller på norsk «Den vei til Mandalay» handlar om landet hennar, som seinare blei kjend som Burma eller Myanmar.
Remove ads
Text
« |
If you can keep your head when all about you |
» |
Remove ads
Norsk tonesetting
Tore Magnus Pettersson har tonesett André Bjerke si omsetjing av diktet.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «If—» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2018.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads