Rudyard Kipling

britisk poet og skribent From Wikipedia, the free encyclopedia

Rudyard Kipling
Remove ads

Joseph Rudyard Kipling (30. desember 186518. januar 1936) var ein britisk forfattar. Han er kjend for barnebøker som Jungelboka (1894), Kim (1901) og Just So Stories (1902), dikt som «If—» og «The White Man's Burden», og fleire noveller frå Britisk India, og skreiv også reportasjar og reiseskildringar. Kipling blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 1907 som den fyrste engelskspråklege og den yngste nokonsinne. Han blei også tilbode britiske riddarordenar og stillinga som Poet Laureate (statsdiktar), noko han takka nei til.

Kjappe fakta
Kjappe fakta

Kipling var svært godt likt for dikta og forteljingane sine i si levetid, men blei mot slutten av tida for Det britiske imperiet sett på som meir av ein «profet for britisk imperialisme».[1] Mange av verka hans blei sett på som unødig brutale og fordomsfulle. Barnelitteraturen har derimot overlevd og vidareført til nye medium som film og fjernsyn, til dømes Mowgli og Rikki-Tikki-Tavi frå Jungelboka og guteboka Kim.

Remove ads

Verkliste

(ufullstendig)

  • The Story of the Gadsbys (1888)
  • Plain Tales from the Hills (1888)
  • The Phantom Rickshaw and other Eerie Tales (1888)
  • The Light That Failed (1890)
  • Mandalay (1890) (dikt)
  • Gunga Din (1890) (dikt)
  • The Jungle Book (1894) (forteljingar)
  • The Second Jungle Book (1895) (forteljingar)
  • If— (1895) (dikt)
  • Captains Courageous (1897)
  • The Day's Work (1898)
  • Stalky & Co. (1899)
  • Kim (1901)
  • Just So Stories (1902)
  • Puck of Pook's Hill (1906)
  • Life's Handicap (1915) (noveller)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads