If You Can Believe Your Eyes and Ears
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
If You Can Believe Your Eyes and Ears er debutalbumet til The Mamas & the Papas frå 1966. I 2003 vart det rangert på 127. plassen[3] på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og steig til 112. plassen på den reviderte utgåva frå 2012.
Heile stereomiksen av albumet finst på All the Leaves are Brown (2001), ei dobbel CD-utgåve av dei fire første albuma deira og forskjellige singlar, i tillegg til på The Mamas & the Papas Complete Anthology (2004), ein CD-boks med fire plater. Monomiksen av albumet kom ut på vinyl med nymastra lyd på Sundazed Records i 2010, og på CD året etter.
If You Can Believe Your Eyes and Ears kom ut med fem forskjellige omslag.
Remove ads
Mottaking
Albumet fekk gode meldingar i Rolling Stone, der kritikaren Rob Sheffield skreiv «The Mamas and the Papas feira all synd og snusk som var i Los Angeles i 1960-åra med folkemusikkaktige harmoniar, akustiske gitar og songar som fortalte undersøkande sinn langt meir enn dei ønskte å vite. Og her fekk dei alt til å høyrast ypparleg ut.».[2] Bruce Eder skreiv på Allmusic at albumet «omfamna folkrock, pop/rock, pop og soul, og synte den same omsorga for platene sine som The Beatles.» Han la til at det skein sterkare enn andre album av The Mamas and the Papas, dels fordi det kom ut før kranglinga som gjekk ut over dei seinare albuma deira.[1] Albumet vart inkludert i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[4]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
- Denny Doherty – vokal
- Cass Elliot – vokal
- John Phillips – vokal, gitar
- Michelle Phillips – vokal
- P.F. Sloan – gitar, vokal
- Larry Knechtel - klaverinstrument
- Hal Blaine – trommer
- Joe Osborn – bassgitar
- Bud Shank – fløytesolo på «California Dreamin'»[5]
- Peter Pilafian – elektrisk fiolin
- Lou Adler – plateprodusent
- Bones Howe – lydteknikar
- Guy Webster – fotografi
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads