Ig Nobelprisen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ig Nobelprisen
Remove ads

Ig Nobelprisane er ein parodiNobelprisen og blir utdelt kvart år i bryjinga av oktober til ti merkverige eller banale forskingsresultat. Målet til Ig Nobelprisane er å «heidre forsking som først får folk til å le, og så til å tenkje». Prisane er til tider eit uttrykk for underfundig kritikk mot forskinga som er gjennomfør, men har òg vorte gjeve til dei som gjennom tilsynelatande absurd forsking har kunna hausta nyttig kunnskap. Dei er skipa til av det humoristiske forskingsmagasinet Annals of Improbable Research (AIR), og priseane blir delt ut av sanne Nobelprisvinnarar på ein seremoni ved Sanders TheaterHarvard University.[1]

Thumb
Forsøket med ein levande frosk som svever grunna magnetisme gjorde at Sir Andre Geim frå Radboud Universiteit Nijmegen og Sir Michael Berry frå University of Bristol vann Ig Nobelprisen i fysikk i 2000. Geim heldt fram med å vinne Nobelprisen i fysikk i 2010 for sitt arbeid på karbonstoffet grafen.

Namnet kjem av det engelske ordet ignoble (norsk: uedel) og Nobelprisen. Uttala under seremonien er /ɪɡnoʊˈbɛl/ for å spele på namnet Nobel, og ikkje som i ignoble på engelsk.

Remove ads

Norske prisvinnarar

  • 2014 innan arktisk forsking gjekk til Eigil Reimers og Sindre Eftestøl frå Institutt for biovitenskap (UiO), for å ha studert fluktåtferda hos reinsdyr som ser menneske forkledde som isbjørnar.[N 1][2]
  • 2011 innan psykologi gjekk til Karl Halvor Teigen ved Universitetet i Oslo, for å ha studert kvifor folk sukkar i kvardagen, og korleis dette er kopla til dei kjenslemessige signala våre og som svar på vanskelege oppgåver.[N 2][3]
  • 1999 i medisin gjekk til Arvid Vatle fra Stord for grannsamt å ha studert kva slags flasker folk nyttar til urinprøvar i artikkel sin «Unyttig om urinprøver»[N 3][4]
  • 1996 i biologi til Anders Barheim og Hogne Sandvik fra Universitetet i Bergen for rapport sin om «Effekten av øl, kvitlauk og rømme på appetitten til iglar»[N 4][5]
  • 1996 i folkehelse gjekk til Harald Moi frå Oslo, saman med Ellen Kleist frå Nuuk i Grønland for rapporten sin om «Spreiing av gonoré via en oppblåsbar dokke».[N 5][6]
  • 1995 i folkehelse gjekk til Martha Kold Bakkevig frå Sintef Unimed i Trondheim, saman med Ruth Nielson frå Danmark, for den grundige undersøkinga si om korleis vått underty verkar inn på varmereguleringa og komforten til kroppen[N 6]
Remove ads

Notar

  1. «Response Behaviors of Svalbard Reindeer towards Humans and Humans Disguised as Polar Bears on Edgeøya», Arctic, Antarctic, and Alpine Research, bind. 44, nr. 4, 2012, s. 483-9.
  2. Scandinavian Journal of Psychology, bind 49, nr 1, 2008, s. 49–57.
  3. Tidsskrift for Den norske lægeforening, nr 8, 20. mars, 1999, s. 1178.
  4. «Effect of Ale, Garlic, and Soured Cream on the Appetite of Leeches», British Medical Journal, bind 309, des 24-31, 1994, s. 1689.
  5. «Transmission of Gonorrhea Through an Inflatable Doll.», «Genitourinary Medicine», bind 69, nr 4, aug 1993, s. 322.
  6. «Impact of Wet Underwear on Thermoregulatory Responses and Thermal Comfort in the Cold», Ergonomics, bind 37, nr 8, aug 1994 , s. 1375-89.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads