Igor Tamm

russisk fysikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Igor Tamm
Remove ads

Igor Jevgenjevitsj Tamm[a] (8. juli 189512. april 1971) var ein sovjetisk fysikar, kjend for arbeid innan kvantefysikk, strålingsteori, plasmafysikk og kjernefysikk. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1958 saman med Pavel Aleksejevitsj Tsjerenkov og Ilja M. Frank for oppdaginga og tolkinga av Tsjerenkoveffekten.[1]

Kjappe fakta
Thumb
Igor Tamm som motiv på russisk frimerke frå 2000.
Remove ads

Livsskildring

Tamm vart fødd i Vladivostok i Russland i 1895. Bestefaren, Teodor Tamm, hadde emigrert frå Thüringen i Tyskland til Russland.[2], og fleire kjelder oppgjev at han var jøde.[3][4][5][6][7] Foreldra heitte Olga og Evengij og faren var sivilingeniør.[8] Han studerte fysikk på gymnaset i Elisavetgrad (nå Kropyvnytskyj) i Ukraina.[8] Åra 1913-14 studerte han ved universitetet i Edinburgh.[2][8]

Under fyrste verdskrig deltok han som frivillig i saniteten i den raude hæren. Han tok aktivt del i revolusjonsrørsla i 1917 som krigsmotstandar og under marsrevolusjonen var han med i fleire revolusjonskomitéar. Sidan fullførte han fysikkstudia ved statsuniversitetet i Moskva i 1918.[2]

Tamm gifta seg med Natalija Sjujskaja i september 1917; dei fikk to barn, Irina (1921-2009) som vart kjemikar, og Evengij (1926-2008), som vart fysikar og fjellklatrar. Evengij leia den sovjetiske ekspedisjonen til toppen av Mount Everest i 1982.[9]

I 1919 var han lærer ved i fysikk i SimferopolKrim, og seinare ved det polytekniske institutt i Odessa.[2]

1. mai 1923 byrja Tamm å undervise i fysikk ved det statlege pedagogiske universitetet i Moskva. Same år fullførte han det første vitskaplege verket sitt, Electrodynamics of the Anisotropic Medium in the Special Theory of Relativity.[10] På denne tida var han oppslukt av fysikk, han skreiv i eit av breva sine at fysikk var alt han tenkte på, i tillegg roste han Albert Einstein for relativitetsteorien.[2] I 1928 var han eit par månader med Paul Ehrenfest ved Universitetet i Leiden. Frå 1934 var han òg leiar for den teoretiske avdelinga ved fysikkinstituttet til Vitskapsakademiet ved Lebedev-instituttet.

Under andre verdskrigen var han fysikar for staten og utvikla teorien om atomkjernen og elementærpartiklane, i samband med utviklinga av hydrogenbomba. Mellom 1949 og 1953 budde han i «den hemmelege byen» Sarov som leiar av ei gruppe som skulle utvikle ei hydrogenbombe, men han slutta arbeidet der kort tid etter den fyrste hydrogenbomba var detonert,[2][11] og for attende til Lebedev-instituttet i Moskva.

I 1934 foreslo Tamm og Semjon Altsjuller at nøytron har ei magnetisk rørsle som ikkje er lik null.[12][13] Ideen vart møtt med skepsis, sidan nøytronet skulle vera ein elementærpartikkel utan ladning, og difor ikkje kunne han noko magnetisk rørsle. Same år la Tamm fram ideen om at proton-nøytron-interaksjonar kunne forklarast med ei utveksling av energi via ein då ukjent, men stor partikkel.[14][15] Denne ideen vart seinare utvikla vidare av Hideki Yukawa til teorien om mesonkrefter.[14][15]

Han var ateist.[16][17]

Tamm døydde 12. april 1971 og vart gravlagt på Novodevitsjijgravstaden i Moskva.[18]

Krateret Tammmånen han namn etter han.[19]

Remove ads

Merknadar

  1. Russisk skrift Игорь Евгеньевич Тамм

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads