Mount Everest
verdas høgaste fjell From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mount Everest (sanskrit Sagarmatha, tibetansk Chomolungma) er det høgaste fjellet i verda, med ei høgd på 8 848 moh. (målt på snødekket). Høgda på snø og is kan variera mykje, og ulike målingar har hatt litt ulike resultat.
Remove ads
Mount Everest ligg i fjellkjeda Mahalangur Himal i Himalaya, på grensa mellom Folkerepublikken Kina og Nepal, og grensa mellom dei to landa går midt gjennom toppunktet.
Administrativt ligg den nepalske delen av Mount Everest i Sagaramatha nasjonalpark i Provins nr. 1. Den kinesiske delen tilhøyrer den autonome regionen Tibet.
Remove ads
Høgd
Den offisielle høgda til Mount Everest er 8 848 m (29 029 ft), og er anerkjend av både Kina og Nepal. Denne høgda blei funnen ved ei indisk oppmåling i 1955 og stadfesta ved ei kinesisk oppmåling i 1975. I 2005 måla Kina høgda til sjølve fjellet, og kom fram til at det var 8844,43 m. Etter dette diskuterte Nepal og Kina kva som skulle vera den offisielle høgda. I 2010 blei dei einige om at den offisielle høgda framleis skulle vera 8 849 m, medan Nepal anerkjenner den kinesiske oppmålinga av berghogda på 8 844 m.[1]
I 1999 blei fjellet målt av National Geographic til 8 850 moh.
Remove ads
Historie
Klatring
Toppen blei nådd for første gong den 29. mai 1953 av Edmund Hillary frå New Zealand og Tenzing Norgay frå sherpa-folket i Nepal, via søraustryggen.

Ved slutten av klatresesongen 2010 hadde rundt 3,142 klatrarar nådd toppen i 5,104 ekspedisjonar. 77 % av deese klatringane hadde funne stad sidan 2000.[2] I 2007 blei det registrert eit rekordtal på 633 klatringar utført av 350 tilreisande klatrarar og 253 sherpaer.[2] Deretter blei det gjort 426, 462, 543 og 537 oppstigningar dei neste åra i høvesvis 2008, 2009, 2010 og 2011.[3]
I mai 2019 sette klatreleiaren Kami Rita frå Nepal rekorden for flest klatringar til toppen av Mount Everest då han klatra til toppen for 23. og 24. gong.[4][5][6]
I mars 2020 satte nepalske og kinesiske styresmakter stopp for klatring den sesongen på grunn av risiko for sjukdommen covid-19.[7]
Hovudklatreruter
To hovudklatreruter er
- Søraustrygg-ruta[8] (frå Nepal)
- Nordaustryggen frå Tibet (òg kjend som Mallory-ruta).
Den fyrste klatringa til topps gjekk via Stilledalen (eller Western Cwm), Lhotse-veggen og vidare til Søraustryggen. «Leir 4» på denne ruta ligg i Sørskaret (South Col), i 7920 meters høgd.[9][10]
Nye klatreruter er mellom anna den via sørvestveggen i 1975.[11]
Femten ruter (inkludert variasjonar) vart nytta før 1997.[12]
Spesielle oppstigningar
- 1975: Den fyrste kvinnen til topps var Junko Tabei.[13]
- 1980: Den fyrste til å klatre til topps, utan oksygen-flasker, var Reinhold Messner.
Fyrste mann og kvinne frå ulike land
- 1953: Toppen blei nådd for første gong av Edmund Hillary og Tenzing Norgay.
- 1956: Den første sveitsaren var anten Ernst Schmied eller Juerg Marmet. Dei kom til toppen samstundes.
- 1975: Den fyrste kvinna til topps var Junko Tabei frå Japan.[13]
- 1985: Bjørn Myrer Lund eller Odd Eliassen var fyrste nordmann på fjelltoppen
- 2004: Randi Skaug var den fyrste norske kvinna på toppen.

Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads