Il Tempo Gigante
oppdikta racerbil frå Flåklypa-universet From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Il Tempo Gigante er ein oppdikta resarbil som er kjent frå Flåklypa Grand Prix av Ivo Caprino frå 1975. Bilen vart opphavleg teikna av forfattaren og illustratøren Kjell Aukrust, og sidan bygd av Bjarne Sandemose. I animasjonsfilmen vert han konstruert av hovudpersonen Reodor Felgen, sykkelreparatør og oppfinnar, og køyrt av han i billøpet Flåklypa Grand Prix.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask. |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |

Bilen har i filmforteljinga masse ekstrautstyr og ulike heimekonstruerte finessar, eksempelvis to speedometer, der det eine sluttar på 250 km/t, og det andre tek over og held til fram 400. Ein viktig del og ei av dei store oppfinningane til Reodor Felgen er ein superretometerfordelar, som skal auke "karadialeffekten" med over 110 %.[1]
I filmen vert bilen sabotert av dei to hovudrivalane Rudolf Blodstrupmoen og den synske medhjelparen Mysil Bergsprekken. Likevel klarer det vesle tafatte piggsvinet Ludvig å oppdaga feilen – ein sundsaga elektrisk fordelar – og halda bilen saman til løpet er ferdig.
Remove ads
Modellbilen
På grunnlag av teikningane til Aukrust konstruerte den faste medarbeidaren til Ivo Caprino, Bjarne Sandemose, modellbilen som skulle brukast då ein skulle gjera om Aukrust-universet til animasjonsfilm. Bilen vart vist fram på NRK i programmet Lørdagskveld med Erik Bye den 1. mai 1971. Aukrust og Caprino fortalde då programleiaren Erik Bye om både bilen og om dokkene som var laga til det som i 1971 enno var tenkt som ein fjernsynsserie.[2]
Remove ads
Fullskalamodellen

I samband med dokkefilmen vart det i 1976 bygd ein køyrbar versjon av Il Tempo Gigante i full storleik. Denne har sidan vorte vist som reklame og attraksjon på arrangement rundt om i Noreg.
Den «ekte» Il Tempo Gigante vart bygd like etter ferdigstillinga av filmen. Karosseriet vart bygd av ein italiensk karosserimakar, Ermanno Martinuzzi, i filmstudioet til Caprino på Snarøya. Det tekniske vart utført av Jan Michelsen, Odd Høie og Svein Martin Pedersen - alle frå ein bilverkstad i Oslo. Ivo Caprino, Bjarne Sandemose og Charles Patey bidrog med mindre detaljar. Bilen starta som flate plater og vart ferdigstilt på tolv månader. Detaljane er utforma slik at mest mogleg skal likna modellen frå filmen. Ein Cadillac-ambulanse vart innkjøpt frå Sverige. Chassis med forstilling, V-8-motor på ca. åtte lit og automatkassen vart brukt. Bakakselen kom frå ein Dodge «kvarting». Seinare, i 1982, vart det innmontert ein big block Chevrolet 454 V-8-motor på ca. 7,6 lit. Motoren har 540 hestekrefter og vart gjeven av den austerrikske Formelen 1-køyraren Niki Lauda etter at dei møttest på bilutstillinga i Geneve, ifølgje Remo Caprino. Han er registrert på nummer «BL 50000» i Noreg, og er vegsikra, men er ikkje normalt EU-godkjend på grunn av for høgt støynivå (målt til 130 decibel), så bilen blir sjeldan køyrt, og då på bane eller lukka område. Den første testturen skjedde på Oslo lufthamn, Fornebu nattetid i 1976. Nokon toppfart vart ikkje målt, då ein ikkje hadde utstyr til det. Dekket til bilen er heller ikkje eigna for høg fart.
Bilen er 2,8 tonn tung, 6,7 m lang og 2,4 m brei.[3]
Jan Erik Larssen frå Autofil prøvekøyrde bilen i 2002, med svært gode tilbakemeldingar.
Remove ads
Søksmål
Aukruststiftelsen og Hunderfossen familiepark gjekk i 2014 til søksmål mot Caprino Filmsenter om rettane til Il Tempo Gigante. Saka omhandla opphavsrettane til filmprodusenten til dei åndsverka filmen byggjer på, og særleg avgrensinga av vernet for tilarbeiding av eit originalverk.[4]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads