Ilford

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ilfordmap
Remove ads

Ilford er ein stad i den nordaustlege bydelen Redbridge i London. Det er i all hovudsak eit bustadområde, der dei fleste pendlar inn til det sentrale London. Drosjesjåførane i byen skal vere overrepresentert i området. Ilford var opphavleg ein eigen by, men har vorte absorbert av London.

Kjappe fakta Plassering, Styresmakter ...

Fleire større selskap har vorte oppretta i Ilford, med film- og kjemikalieprodusenten Ilford som den mest kjende. Det vart oppretta i 1879 under namnet Britannia Works, og produserte opphavleg fotoplater. Seinare har dei vorte kjent for sine svart/kvit-filmar og fotopapir, som blir rekna for å vere av særs høg kvalitet. I 1989 vart selskapet kjøpt opp av eit amerikansk selskap, og hovudkvarteret er flytta til Knutsford i Cheshire.

Eit anna viktig firma var Plessey, som produserte radio-, elektronikk- og telekommunikasjonsutstyr. Det vart grunnlagt i Marylebone i 1917, men flytta til Ilford i 1919. I 1998 vart firmaet kjøpt opp, og fabrikken i Ilford vart nedlagt.

Remove ads

Kollektivtransport

Dei næraste stasjonane er:

  • Barking stasjon
  • Ilford stasjon
  • Gant sine Hill undergrunnsstasjon
  • Redbridge undergrunnsstasjon

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads