Iller

From Wikipedia, the free encyclopedia

Iller
Remove ads

Iller (Ilargus i antikken) er ei elv i Bayern sør i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå høgre med ei lengd på 147 km. Ho har utspring nær Oberstdorf i Allgäu-regionen i Alpane, nær grensa til Austerrike. Frå her renn ho nordover og gjennom byane Sonthofen, Immenstadt og Kempten. Mellom Lautrach nær Memmingen og Ulm dannar ho grensa mellom dei to tyske delstatane Bayern og Baden-Württemberg i om lag 50 km. Ho munnar ut i Donau i byen Ulm.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Ein sykkelveg følgjer Iller, som òg er ei populær elv for rafting og turgåing.

Elva vert nytta til produksjon vasskraft ved hjelp av åtte kraftverk med ein total kapasitet på 51 MW (1998).

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads