Illusion av Renaissance

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Illusion er det andre studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, gjeve ut i 1971. Det vart opphavleg berre gjeve ut i Tyskland og kom ikkje ut andre stader før i 1973.[2] I Storbritannia kom det først ut i 1977, med eit plateomslag som hadde byta om fram- og baksida av den originale utgjevinga.[3]

Meir informasjon Renaissance-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Oversyn

Den originale Renaissance-besetninga vart oppløyst under innspelinga av dette andre albumet deira. Jim McCarty var den første som forsvann i 1970, då bandet var på veg ut på ein europeisk turné, fordi han mislikte så sterkt å fly. Keith Relf og Louis Cennamo var dei neste som for, og i lag skipa dei ei ny gruppe, Armageddon.[2] McCarty var framleis knytt til Renaissance som låtskrivar, og skreiv songar for dei tre neste albuma til bandet.

John Hawken heldt bandet gåande med å hente inn nye medlemmar, som Michael Dunford og Terry Crowe, som han tidlegare hadde spelt i lag med i The Nashville Teens. Den nye bassisten Neil Korner hadde tidlegare spelt i The New Vaudeville Band.[4] Denne nye besetninga, som spelte inn «Mr. Pine», vart kortvarig.

«Mr. Pine» er det einaste sporet på eit Renaissance-album der medlemmar frå den originale besetninga (Hawken, Jane Relf) kan høyrast i lag med medlemmar frå den klassiske besetninga deira (Dunford). Han inneheld eit tema som vart nytta om att i ein meir kjend Renaissance-song, «Running Hard» (frå Turn of the Cards, 1974).

For å fullføre albumet kom den (då oppløyste) originalbesetninga saman att, utanom Hawken og med gjesteklaverspelaren Don Shinn, for å spele inn «Past Orbits of Dust».[2]

Eit av spora som vart spelte inn for Illusion, ein relativt kort song kalla «Statues», kom ikkje med på albumet. Denne vart omsider gjeven ut i 2002 på albumet Live + Direct.[5] Det originale albumet vart gjeve ut på CD i 1995 på Repertoire Records.

Illusion var det første Renaissance-album med tekstar av Betty Thatcher, som kom til å arbeide med bandet resten av 70-talet.[2]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Renaissance

  • Jane Relf – solovokal på spor 1, 5 og 6, korvokal, perkusjon
  • Keith Relf – gitar (alle utanom spor 4), solovokal på spor 3, korvokal (alle utanom spor 4)
  • John Hawken – klaverinstrument, piano (alle utanom spor 6)
  • Louis Cennamo – bass (alle utanom spor 4)
  • Jim McCarty – trommer (alle utanom spor 4), solovokal på spor 2, korvokal (alle utanom spor 4)
  • Terry Crowe – solovokal på spor 4
  • Michael Dunford – gitar på spor 4
  • Neil Korner – bass på spor 4
  • Terry Slade – trommer på spor 4

Andre medverkande

Produksjon

  • Keith Relf – produsent
  • Andy Johns, Phil Ault – lydteknikarar

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads