Renaissance av Renaissance

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Renaissance er debutalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, gjeve ut seint i 1969 på Island Records i Storbritannia og Tyskland og Elektra Records i USA.

Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

The Yardbirds utvikla seg til The New Yardbirds (med Jimmy Page) i 1968 og så Led Zeppelin, skipa dei attverande medlemmane Keith Relf og Jim McCarty ein akustisk duo kalla Together.[2] Dei gav ut «Henry's Coming Home» med «Love Mum and Dad» på ein singel på Columbia Records i november 1968, som selde dårleg.[3]

I januar 1969 organiserte Relf og McCarty ei ny gruppe for å eksperimentere med rock, folk og klassisk musikk. I boka si Mountains Come Out of the Sky: An Illustrated History of Prog Rock, siterte Will Romano McCarty: «Mot slutten av The Yardbirds ønskte me å gjere noko meir poetisk, om du vil, noko som ikkje var så tungt. Noko meir folk-aktig. Me hadde fått nok av tung rock.»[4] Denne kvintetten — Relf på gitar og vokal, McCarty på trommer og vokal, i tillegg til bassisten Louis Cennamo, pianisten John Hawken og Jane, syster til Relf som ekstra vokalist - vart til Renaissance. Albumet vart spelt inn i 1969 og var produsert av det tidlegare Yardbirds-medlemmet Paul Samwell-Smith.[5]

Bandet hadde byrja å spele i lag i mai 1969 før dei starta innspelinga av debutplata si, stort sett i Storbritannia, men stundom òg utanlands, som festivalar i Belgia (Amougies, oktober 1969) og Frankrike (Operation 666 på Olympia i januar 1970 og Le Bourget i mars 1970, begge i Paris). I februar 1970 la dei ut på ein nordamerikansk turné, men denne gjekk berre å vidt rundt. På grunn av fortida med Yardbirds fann dei seg ofte sett i saman med band som The Kinks og den nye retninga deira med klassisk musikk gjekk ikkje heim hos publikummet som venta seg meir rocka og bluesprega musikk.

Remove ads

Utgjeving

Debutalbumet til Renaissance inneheld progressiv rock med element av klassisk musikk og jazz, som var ganske nyskapande då albumet kom ut.[1]

Singelversjonen av «Island» var ei anna innspeling enn albumversjonen med kjappare tempo og meir overdubba korvokal, og ingen klassiske tema mot slutten. Denne kom ut med B-sida «The Sea», som ikkje var med på albumet. Somme CD-utgåver har med begge desse spora.

I 1998 vart Renaissance gjeve ut på ny av Mooncrest Records i Storbritannia som Innocence. Denne nyutgjevinga inneheld seks bonusspor, men innpakninga inneheldt ingen forklaringar om kva desse var.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Keith Relf og Jim McCarty, med tema av John Hawken og Louis Cennamo, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

«Island» låne mykje frå Beethoven sin Pathetique Sonata (Piano Sonata nr.8 i c-moll Op.13, 'Pathétique' : I. Grave. Allegro di molto e con brio and III. Rondo. Allegro)

Medverkande

Renaissance

Produksjon

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads