Imogen Heap

From Wikipedia, the free encyclopedia

Imogen Heap
Remove ads

Imogen Jennifer Heap (fødd 9. desember 1977)[2] er ein engelsk songar, låtskrivar, plateprodusent og lydteknikar. Ho er kjend for den elektroniske musikken sin og som medlem av det kortvarige prosjektet Frou Frou. Ho var fødd i London Borough of Havering og fekk pianotimar og klarinettimar då ho var ung. 13 år gammal byrja ho å skrive sine eigne songar, og lærte seg sjølv å spele gitar og trommer, i tillegg til musikkproduksjon på Atari-maskinar. Heap fekk platekontrakt med Almo Sounds då ho var 18 år gammal og seinare arbeidde med det eksperimentelle popbandet Acacia, i lag med Guy Sigsworth som gjestevokalist.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Heap gav ut debutalbumet sitt, iMegaphone (1998) med alternativ rock, igjen i lag med Sigsworth. Etter kvart vart Heap droppa av Almo Sounds og dei neste åra utan platekontrakt framførte ho fleire songar for filmen G:MT – Greenwich Mean Time, gav ut to singlar og deltok på albumet You Had It Coming av gitaristen Jeff Beck i 2001. Tidleg i 2002 skipa Heap og Sigsworth den elektroniske duoen Frou Frou, og gav ut det einaste albumet sitt, Details (2002). Duoen vart oppløyst seint i 2003, men kom saman att for å spele inn ein versjon av Bonnie Tyler-songen «Holding Out for a Hero» for filmen Shrek 2.

Heap gav ut to singlar seint i 2004 («Just for Now» og «Goodnight and Go»). Det andre studioalbumet til Heap, Speak for Yourself (2005), kom ut i Storbritannia på hennar eige selskap, Megaphonic Records. Ein singel frå albumet, «Hide and Seek», vart den mest suksessrike songen hennar til no. Han selde til gullplate i USA og vart kraftig sampla av Jason Derulo på debutsingelen «Whatcha Say». Det tredje studioalbumet til Heap, Ellipse (2009), fekk stort sett god kritikk då det kom. I 2014 kom det fjerde albumet hennar, Sparks (2014).

Heap har fått to Grammyprisar og ein Ivor Novello-pris. Forskjellige artistar som Ariana Grande, Katy Perry[3] og Taylor Swift har omtalt Heap som ei inspirasjonskjelde.

Remove ads

Diskografi

  • iMegaphone (1998)
  • Speak for Yourself (2005)
  • Ellipse (2009)
  • Sparks (2014)

Frou Frou

  • Details (2002)

Gjesteartist

  • Hate EP av Acacia (1996 • Radar Records)
  • Sway EP av Acacia (1996 • Radar Records)
  • Maddening Shroud EP av Acacia (1997 • WEA)
  • Cradle av Acacia – alle spor utanom «Wire» (1997 • WEA)
  • Blanket av Urban Species – «Blanket» og «Predictably Unpredictable» (1998)
  • Amor Fati av Mich Gerber – «Embers of Love», «Sirens Call (Qishm)» og «Mare» (2000)
  • ¡Viva Nueva! av Rustic Overtones – «Valentine's Day Massacre» (2001 • Tommy Boy Records)
  • You Had It Coming av Jeff Beck – «Dirty Mind» og «Rollin' and Tumblin'» (2001 • Sony Music)
  • Tell 'Em Who We Are av LHB – «Coming Up For Air» (2003 • Telstar TV)
  • Contact Note av Jon Hopkins – «Second Sense» (2004 • Just Music)
  • It's Better To Have Loved EP av Temposhark – «Not That Big (Metronomy Remix)» (2005 • Paper & Glue)
  • Foiled av Blue October – «Congratulations» (2006 • Universal Records)
  • Musikain av J. Peter Schwalm – «P.I.N.» (2006 • Musikain Records)
  • Glittering Cloud (The Plague of Locusts) av Imogen Heap – «Plague Songs» (2006 • 4AD)
  • The Invisible Line av Temposhark – «Not That Big» (2007 • Paper & Glue)
  • London Undersound av Nitin Sawhney – «Bring It Home» (2008 • Cooking Vinyl)
  • Kingdom of Welcome Addiction av IAMX – «My Secret Friend» (2009 • Metropolis Records)
  • The Boy Who Knew Too Much av Mika – «By The Time» (2009 • Casablanca Records)
  • Live at Ronnie Scott'sJeff Beck – (2008 • Eagle Records) – (2009 • DVD)
  • > album title goes here < av deadmau5 - «Telemiscommunications» (2012 • Mau5trap Recordings • Ultra Records)
  • A Map of the Floating City av Thomas Dolby - «The Toad Lickers» (2011 • Lost Toy People)
  • 1989 av Taylor Swift - «Clean» (2014 • Big Machine)
  • One Love Manchester, «Hide and Seek» av Imogen Heap
  • Do Not Revenge av Dan Black - «We Drift On» (2017 • Life Slash Dreams)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads