Imst
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Imst er ein by og ein kommune i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 113 km² med 10 100 ibuarar i 2016. Byen Imst, som er hovudstad i distriktet med same namn, ligg 827 meter over havet. Omframt byen Imst består kommunen av ein stor landsby (dorf) og sju grender.
Ulike typar industri, turisme og handel er viktigaste næringsvegane i Imst.
Den fyrste SOS-barnebyen vart opna i Imst den 15. april 1951.

Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Imst» frå Wikipedia på tysk, den 15. mai 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads